mandag 17. november 2014

Måndag morgon blues

Det er måndag morgen. Det er måndag morgon i november! Det vart ein sein søndag kveld med kino for dei andre og rydde-tv-lese-etc-kveld for mor. Det er frost på bakken, mørkt og kaldt. Det hjelp med levande lys på bordet og fyr i omnen. Eg får lyst til å trøste dei trøtte tenåringane, ta dei på fanget litt, men den tida er forbi. Eg får smøre matpakker, gje ein klem og snakke istadenfor. Det er tid til det idag, sidan eg skal litt seinare ut av huset. Ein kokar kakao, mor bryggar seg ein stor kopp te. Avisene blir lesne, det er konkurranse om å få tak i teikneseriane først! Eg likar å bla gjennom først og så gå tilbake og lese det eg festa meg med etterpå.
Lys på frukostbordet

Men det er framleis måndag morgon blues, eg får ikkje opp tempoet! Eg les avisa, tek tran(!) ønskjer dei andre ein god dag når dei forsvinn kvar til sitt. Det er ein forskjell for nokre år sidan, då dei måtte ha hjelp til å passe klokka og huske det dei skulla ha med(og det gjekk jo ikkje alltid bra, for mor huska ikkje alt! Turdag? Gym?!) Eg tømmer oppvaskmaskina, sett på ei klesmaskin, vaskar opp det som står i vasken. Eg passar klokka. Eg skal ha eit møte med ein ergoterapeut frå kommunen for å få hjelpemiddel heime til hørselen min(igrunnen til mangelen på hørsel), og kjenner at eg møter ei mental sperre i meg sjølv når eg seier at «Ja, eg treng noko som gjer det enklare» (og ikkje minst sikrare, røykvarslaren skal varsle meg med vibrasjon om den går om natta) Ventar på innsatslyst for å gjere noko nyttig. Den viser seg ikkje. Men eg rydda igår, så det ser ikkje så verst ut, for kven veit kva slike som kjem på heimebesøk er interessert i? Sjekke hybelkaninane under senga? Sorteringssystemet for skitne klær på vaskerommet? Filteret på oppvaskmaskina?
Eg gjer nokre notatar til møtet. Ryddar litt her og der, er spent.

Dagen er i ferd med å bli kveld

Dette skreiv eg i dag tidleg. Medan eg venta. Og no er det ettermiddag, og etterpå kan eg seie: Det gjekk bra, eg syns det skal bli greit å få hjelp. Ergoterapeuten som kom var triveleg, lytta og orienterte greit. Det er jo masse hjelpemiddel å velge i, og kanskje finns det andre ting eg treng også? Eg skal få vekkeklokke og røykvarslar som virkar sjølv om eg søv på det gode øyret, og eg får lysvarsling på fasttelefonen. Det er ein start, og bestillinga er sendt. Ho var ikkje det minste interessert i kor ryddig det evt ikkje var her. Derimot beundra ho trappa vår, som eg er veldig glad i, og som mange kommenterar. Eg kunne derimot glede meg over eit ryddig hus då eg kom heim. 
Det var godt å ha ein roleg start på dagen, det kan eg tenkje meg fleire gonger… Det krever litt planlegging, for det er måte på kor tidleg eg orkar stå opp for å nyte ein kopp te! 
Eg gjekk til og frå jobb idag, det har vore plana lenge å gå meir til jobb, og idag var første gong på lenge... Det er jo ein start! Det gjorde godt med dagslys på tur til jobb, og å så lyset sakte svinne på tur heim.

Vi har ete restemiddag, idag vart det tre rettar! Fiskebollar med kvit saus først, så gulasjsuppe med brød og tilslutt frukt! Alle mette, alle fekk noko dei likte og kjøleskapet er tomt for restar. Eg kjenner meg så mykje betre når vi et opp restane og ikkje kastar mat.  

Så det vart ein fin dag, når eg berre kom igang.

5 kommentarer:

  1. SÅ godt du får hjelp!
    Og ryddig hus og tomt kjøleskap for restar er ei flott start på veka :-)

    God natt!

    SvarSlett
    Svar
    1. God natt til deg også! Veldig glad eg får hjelp,eg og, men eg slit litt med å definere meg i "trenge-hjelp-gruppa"… Det går seg vel til!

      Slett
  2. Sjølv om måndagen starta litt 'blå', trur eg òg at det gjer godt å ha god tid til å nyta kaffien, og å gjer seg nokre tankar, på morgonen.
    Angåande trenge hjelp - eg trur det er første steg som er det vanskelege, og skulle du 'trenge' noko for å gjer kvardagen lettare (tryggare) att, så har du allereie erfart at det gjekk jo greit ;)
    Og tommel opp for restemiddagar i ny og ne.
    Måtte tirsdagen ha ein enklare start!
    Siri

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for gode ord! Det er nok første steget som er vanskelegast!
      Og tirsdag og onsdag er på langt nær så blå!

      Slett
  3. Kan godt skjønne at det er en liten terskel å komme over! Men, som du sier, det er nok første steget som er vanskeligst. For øvrig er din beskrivelse av en november morgen befriende for en småbarnsmamma som er midt i verste kaoset der ingen egentlig klarer noen ting selv, støynivået er til å bli gal av innimellom og jeg har tre små mennesker som fotfølger meg til og med inn på do ;-) Tenk at jeg kanskje skal få drikke en kopp te og lese aviser igjen en dag! Men alt til sin tid. God helg til deg!

    SvarSlett