mandag 11. juni 2012

Fart og sjølvtillit



Eg har fått ei ny heltinne; Tonje Glimmerdal!!! Mottoet hennar er "fart og sjølvtillit"! Herleg, ikkje sant?
Dette er ei jente med bein i nasen, meiningars mot og ho er av og til litt kjapp i replikken. Ho prøvar hoppe på ski slik som tantene, ho vil spele eit instrument, ho lengtar etter mamma, ho diktar lange eventyr om fortid og framtid. Ho prøvar saman med bestevennen, ein stabukk på 74 år, å bygge den perfekte kjelken. Ho er ein verdig konkurrent til Pippi Langstrømpe.
Det er fine folk, spinnville tanter, naboar som meir eller mindre diskre kikkar ut mellom gardinene, grusomme(og dumme) griske menn, kloke foreldre. Det er ikkje berre idyll lell og ting fell ikkje på plass av seg sjøl, men krever samtale, kloke folk, unnskyldning, god tid.

Boka er på nynorsk, som er eit pluss for meg. Er det berre meg, eller er det mykje bra barnebøker på nynorsk for tida?

Sa eg at eg anbefalar boka?! Løp og kjøp eller lån eller sjå om du har boka i bokhylla! Barnebok, javel, men den er topp for vaksne også.



2 kommentarer:

  1. Jeg fikk boka anbefalt av min yngste sønn for noen år siden. Har lest den høyt for to skoleklasser, og vi er alle forelsket i Tonje. Og så er det selvsagt litt festlig at Heidi er så vrang ;)

    SvarSlett
  2. Men Heidi blir grei til slutt! Bestemt er ikkje det samme som vrang:)

    SvarSlett