Dette må være den mest tålmodige karen i reisefølget, han godtek fullt tempo og venting, sol og regn, og stråler opp i eit smil når nokon snakkar med han:
|
Benjamin |
Igår(onsdag) var vi litt late og shoppa litt og bada mykje!
Eg prøvde meg som sjåfør på dei amerikanske vegane, litt nervøs først, så tøff når det gjekk bra:) På kvelden køyrde vi til Davenport og besøkte Elisabeth, jammen er ikkje verden stor når ein kan dra på kaffebesøk til slekta i Florida! Kjekt å treffe henne og kjekt å sjå leiligheta deira.
Idag, torsdag, har vi vore i Universal studios, der er det ein eigen Harry Potter-del, med slottet og landsbyen. berg-og dalbaner og kafèar og det var heilt klart stor stas!Vi åt på engelsk pub og drakk smørterøl(butterbeer) Konklusjon: der er litt smere, smakar karamell og er litt mykje av det gode!
( |
Foran slottet |
|
I tegneseriedelen av parken |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar