For 19 år sidan gjekk eg gravid. For
første gong. August for 19 år sidan var varm, og eg gjekk mykje i
ein ruta kjole huskar eg. Eg var ganske trill rund, sjølv om termin
ikkje var før oktober. I brukbar form, men med litt ryggtrøbbel(det
er ikkje noko nytt altså) Eg hadde ein roleg skatt i magen. Eg viste
ikkje kven. Eg viste ikkje at det var min eldste son som vaks og
trivdes der inne.
Eg var spent! Eg hadde 6 tantebarn
allereie, så eg var driven som barnevakt og beleiskiftar. Men ein
eigen baby som skulle komme og vere hos oss for noko som virka som
alltid?! Det var ei viss mengde skrekkblanda fryd!
Eg(vi) bygde reir. Vi henta vogga hos
svigers, den er laga av kyrkjeplank og i den har både far, farfar og
oldefar ligge. Eg kikka på klær, strikka ei bittelita jakke i gult
ullgarn, Vi fekk ei gammal vogn som eg trekte om inni. Vi lånte
utstyr. Eg skreiv lister over kva eg trudde vi trong og snakka med
andre om kva som var lurt. Eg las bøker. (Heldigvis kanskje fanns
ikkje O-store-internett, for der hadde eg nok fått vite meir enn eg
trong...) Vi meldte oss på fødselsførebuande kurs. Vi fulgte med
på magen som voks, når på døgnet junior var aktiv, vi venta!
Så kom prinsen!
 |
| 2 dagar gamal omtrent |
Han la beslag på mykje av tida mi, for ikkje å seie all… Han sov ikkje vekk det første leveåret sitt, sukk, han har ikkje sove vekk tenåra sine heller, for den del. Men han var jo det finaste vi kunne tenkje oss. Og vi vart kjent, ting gjekk seg til. Lillebror kom og vi vart den familien som har delt kvardagar saman i mange år!
For 17 år sidan gjorde eg klart til
oppstart i barnepark. Han trong ikkje så mykje nytt, men sekk og matboks
var viktig.
For 16 år sidan var det
barnehagestart. No trongs det meir klær, merking av utstyr, ny sekk og ny kvardag.
For 13 år sidan var det skulestart.
Noko nytt igjen! SFO, etterkvart fritidsaktivieter. Så vart det
ungdomsskule, videregåande, nye vener, nye fag, nye krav.
Men alle desse gongene har han vore heime her hos oss, vi har gjort endringane saman.
 |
| 1999 |
No gjer vi klart på nytt. Det er nye
lister. Det er innkjøp av klær, vogn treng vi ikkje(og han skal
ikkje ha med bil, sjølv om han har lappen no) Eg kjøper sengetøy
og handklær. Eg merkar klær. Vi snakkar om pengar, det er
søknad til lånekassa som skal fyllast ut. Det er nye tider! Han
skal flytte! Byrje på folkehøgskule. Det er snart berre få dagar igjen til vi skal kjøre han og reise heim utan han… Berre nokre dagar til
det berre er lillebror som bur heime. Ei veke til ein ny kvardag for
både han og oss... Vi grugler oss, alle saman.
 |
Han skal gå ekstremsportlinje, han starta treninga tidleg! Ca 1999 |
Vi skal alle gjere noko nytt. Og vi skal ikkje ha alle kvardagar saman lenger. Sukk!
Eg håpar han får det supert! Eg trur eg klarer finne meg til rette med det ny livet.
Men dette er ein overgang!