onsdag 26. august 2015

Onsdag

Det kan nok verke som at eg er ein latsabb som sett meg ned så fort eg kan! Det er berre delvis sant☺
Det er sol og varmt ute, men idag vart det middag inne og sofaliv no. Vi har hatt kontakt med eldste son som er på telttur i Jotunheimen,  der er det regn-regn-regn, men humøret er godt. Eg trur yngste son har tenkt å kom heim idag også, men det er så mykje han skal først.(der dukka han jammen opp)
Eg har vore på jobb og funne både gule stafylokokkar og tarmbakteriar. Eg har hatt treningstime med fysioterapeuten, og når ho står og passar på er det ikkje snakk om å jukse med innsatsen eller gjere færre øvelser!  Magemusklane mine fekk jobbe!
Litt meir sofatid og så skal eg reise meg og gjere litt, trur eg. Det må bakst og det burde ryddast litt. Burde....

2 kommentarer:

  1. Treng også å kvile innimellom
    Alle burde-skulle må ein ignorere iblant

    God natt!

    SvarSlett
  2. Treng også å kvile innimellom
    Alle burde-skulle må ein ignorere iblant

    God natt!

    SvarSlett