Å ha prolaps er ikkje å foretrekke! Men å få påvist prolaps har iallfall forklart plagene eg har hatt sidan i vår. Både lege og fysioterapeut har undersøkt og testa, og av og til har det stemt med det dei trur og av og til ikkje. Av og til har eg hatt litt vondt, andre gonger har eg kjent ingen ting og andre gonger har eg ikkje klart å gå. MR-bilde viser at det er ting inni ryggen som forklarar dette(ikkje spør meg meir, for dette kan eg ikkje forklare!)
Korleis har sommaren vore då? Kva har eg gjort og ikkje gjort?
Enkelte dagar har det kun vore sofa som har virka.
Middels fornøgd med sofaen |
Myr er mjukt og godt (og vått og skittent) |
Eg får lese mykje meir enn vanleg! Og det seier ikkje så lite. Eg har for eksempel lese dei tre Skipsmatrosbøkene til Jon Michelet. Anbefalast!
Eg blir utålmodig og får kort lunte. Eg ser masse som skulle vore gjort, som eg ikkje greier å gjere sjølv(og som eg aldri ville brydd meg med når eg er frisk…) Det er slitsomt med smerter, det går utover nattesøvnen også. Det virkar fort på humøret på dagtid… Eg har ikkje vore på jobb, det er også ugunstig for humøret. Eg treffer ikkje folk på dagtid, eg mistar praten i lunsjen og gode rutiner. Så snur det, og eg blir lat.
Korleis går det no?
Ryggen blir sakte betre. Eg overser ting eg kunne gjort noko med, for eg kan klare det sjøl og utsett det. Tilbake til normalen der altså! Eg er delsvis på jobb. Eg går tur. Humøret blir betre. Måtte det fortsette på denne måten!
Ryggvondt er forferdelig! Godt å høre at du er på vei til å bli bedre, og fortsatt god bedring! :-)
SvarSlettTakk! Det er godt det går framover, for det har vært en lang sommer!
SlettHuffa meg! Ekkelt med slike plager. Har hatt mi runde med ryggvond. Måtte "dope" meg for å kome meg til lege. Dei kunne sjølvsagt ikkje kome heim på legebesøk. Og når ein er dopa klare ein ikkje forklare på same måte korleis ein har det. .
SvarSlettGodt du er på bedringens veg! !
Det har gått ein del smertestillende I sommar. ..
SlettDenne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
SvarSlettHva sier en typisk jærbu når det går trått? Jo, noe sånt som; Det er i motbakke det går oppover.... Eller; det har vært verre dager....
SvarSlettI alle fall så har du nok hatt nok 'regnværsdager' til å sette pris på alle små glimt av 'sol', vil jeg tro. Ønsker om fortsatt god bedring sendes ♥
Takk! Det går framover, må berre vere litt forsiktig, blir ivrig og vil meir enn kroppen tåler… Og sol ute gir sol inne!
SlettGodt og se at du til dels i allefall har klart å nyte sommeren litt. Alt for mange bare setter seg ned og sturer. Det er jo lov å gjøre det noen dager innimellom, men å komme seg ut på tur er absolutt den beste behandlingen. Flink har du vært!! håper ettersommeren blit flotters!
SvarSlettTakk! Det er noe med å lære at ikke all smerte er farlig. Er så heldig å ha en super fysioterapeut som først trøster og syns synd på meg, så sparker meg bak slik at jeg kommer meg opp av sofaen. Men noen dager med smertestillende, sutreleppe og sofa har det vært! Men færre enn sist jeg hadde prolaps.
Slett