mandag 12. juni 2017

Syrin!

Lukta av syrin.
Eg er 7 år og er tilbake til huset til besteforeldre mine. Der sto det ein syrin i hagen, lilla blomster og berusende lukt. Tru om den står der enno?  Det er lukta av sommar og sol. Eg gjekk forbi syrinen på veg frå skulebussen opp bakken. Det sto ein steinbenk der og, eg huskar den som alltid varm av sola.

Idag gjekk eg i regnet. Og lukta var der. Sterk og søt! Og eg var tilbake i barndommen! Måtte berre knekke av ein kvist og ta med heim.

Og eg har ført opp syrin over planter eg skal plante bak huset.



(Og bilda la seg på tvers... )

2 kommentarer:

  1. Syrin har en helt fantastisk duft.

    Jeg er oppriktig lei meg for at busken på jobben er ferdig for i år...

    SvarSlett
    Svar
    1. Her blomstrar det enno. Og snart kjem rosene mine, og dei luktar nydeleg. Masse å glede seg til!

      Slett