tirsdag 14. juni 2016

Vekestart veke 24

Mi veke startar på ein måte i morgon, for då skal eg på jobb. Kan eg bruke det som unnskyldning for at eg er litt sein med vekestarten?

Livet mitt handlar mykje om kroppen min for tida. Kva eg klarer, kva eg kan, kva eg vil. Og ikkje minst; kva som virkar.
Ryggen blir stadig betre, men eg er utålmodig lell. Eg vil så gjerne berre bruke kroppen utan å tenkje så mykje. Det straffar seg etterpå. Og noko er eg fornuftig nok å be andre gjere, evt berre oversjå. Eg er betre, eg kan gå ganske lang tur, ganske fort, og få berre litt vondt etterpå. (men eg droppa å gå topp7-turen i Bymarka på søndag, sjølv med sol og strålande forhald, så innser eg at mi tid til å gå 3 mil nok er ein annan gong! Så eg har sjølvinnsikt, til ein viss grad. Og eg gler meg over junior som gjekk turen.) Fysioterapeuten seier det er lov å bli lei og utålmoding, og akkurat i dette høyrer eg på han.
Verre er det med tennene mine. Eg fekk brått vondt på venstre side sist helg. Eg ville helst berre ete suppe og yoghurt, evt banan. Ikkje drikke veldig kald eller varm drikke. Og berre tygge på høgre side. Såpass tungvint at sjølv eg innsåg at eg trong ein tannlege. Eg var hos tannlegen på tirsdag. Etter litt om og men, vart vi einige om å fjerne ei gammal fylling og sjå om det hjalp. Eg fekk ei fin, kvit midlertidig fylling. Det hjalp heilt til bedøvinga gjekk over. Då dunka det verre, i nabotanna. Den som har ei fin krone(som er nesten ny, berre les royale tenner) og som kosta meg både pengar, tårar og svette.  Eg vakna ståande på golvet den natta, fordi eg hadde vore så uforsiktig å lukke munnen i søvne...AU!
Berre å ringe tannlegen igjen, med meir fortviling i stemma. Eg har aldri gledd meg til ein tannlegetime før, men denne gongen kunne den ikkje kome fort nok! Tannlegen gjorde ein "banketest" og fekk den forventa hoppereaksjonen... Vi var på sporet av smerten og problemet! Eg fekk diagnosen irreversibel pulpitt, noko som er meir vanleg enn namnet skulle seie. Det vart rydda opp inni tanna, det er lagt på nok ei midlertidig fylling og då bedøvinga gjekk ut, kunne eg forsiktig tygge på venstre side for første gong på ei veke. Å, glede og lukke! (og eg fortrenger at eg må tilbake etter ferien for rotfylling...)
Kor lenge var Adam i paradis? Til i ettermiddag... Då knasa det brått inmi munnen då eg åt. Eg kunne plukke ut ein bit av den første tanna vi prøvde å fikse. Det er litt vondt, det isar. Tunga kjenner heile tida på den skarpe kanten. I morgon tidleg må eg ringe tannlegen igjen.


Idag passar det med eit tanndikt! Eit dikt om

Løvetannen
Der står en liten løvetann
blant andre løvetenner
i bakken på et åkerland
og blomstrer så den brenner.
Den har slått ut sitt gule hår
på toppen av seg selv.
For av en bustet knopp i går
er det blitt blomst i kveld.
Nå er den sterk og stri og vill,
en riktig løvetann,
og strekker kry sin lille ild
mot solens kjempebrann.
Hvor stolt og gladelig den gror!
Men like nedenfor
står en sørgmodig eldre bror
og feller hvite hår.
Slik, venner, farer livet med
all verdens løvetenner.
Først blir de ild, så blir de sne,
og siden gamle menner.
Inger Hagerup



Med ønskje om god veke og sterke tenner!

4 kommentarer:

  1. Lukke til med dine tenner!

    Og løvetann er faktisk vakker :-)

    SvarSlett
  2. Uff! Nå fikk jeg skikkelig vondt på dine vegne, om noe sånt fins.

    God bedring! Håper det ikke blir så dyrt og vondt som fryktet!

    SvarSlett
  3. Å tannsmerter er grusomt, du har all min sympati for både den ene og den andre smerten. En klem skal du dog få, på en lørdag, med de beste ønsker om en strålende dag!

    SvarSlett
  4. Å, takk og takk for god ord og trøst. Gratis er det ikkje akkurat når tennene sviktar, så det er godt vi ikkje hadde ville planer for ferien, for det ryk litt pengar. Men eg har verdas snillaste tannlege, som er raus med bedøvelse, snill og forklarar godt, så eg klarer puste med magen og eg ligg ikkje søvnlaus verken før eller etter. Eg slapp krone på den som datt frå kvarandre, og det er jo eit pluss!
    No er eg klar for sommaren, og så skal eg tilbake og rotfylle etter ferien!

    SvarSlett