Altså, eg masar ikkje heile tida, det hender vi snakkar om været, at eg serverer nystekt brød eller vi høyrer på musikk. Vi et middag, vi drøftar militærteneste, men vi ser ikkje dei same filmane lenger og eg likar ikkje å høyre om toppturar på ski. Vi et grillmat og nyt sommarvarmen på terrassen. Vi er einige om at nylagd sorbet er godt, og eg høyrer på forteljingar frå livet.
Men så kjem eg på noko, og masar igjen. Om nistemat, solkrem og forsiktig bilkjøring.
Eg trur ikkje eg er åleine om å vere ei masemor. Det er nok fleire der ute. Eg syns av og til at eg må mase, sjølv om eg høyrer sukk og setningar som startar med "Meeeen altså fordi..." Nokon må minne junior 1 og 2 på ting, nokon må passe på. På godt og vondt. (og det skal seiast, det er mykje mindre amsing no enn før! Noko har dei lært, takk og pris)
Lavendel |
Kanskje eg skulle sagt som dette diktet her?
Strekk dagene stramt ut over strykebrettet
Dynk dem med glitrende vann
Stryk dem med varmt jern
til de blir skinnende hvite seil
La vinden fylle dem
Gå om bord
Annie Riis
Og no er det juni, Lyse kveldar, sol, forsommar, grønt! Det er dagar å fylle.
Ha ei god veke vidare!
Sol gjennom parasollen |
Lavendel lukter fantastisk deilig! Ønsker deg en knallfin dag!
SvarSlettLavendel lukter godt, minner om ferie I Nice! Og skal være bra for humler og bier , verdt å ta med!
SlettHerlig skrevet - og må du ha en fortreffelig sommer, med eller uten masing ;)
SvarSlettKlem til deg
Med kraftig selvkontroll klarte jeg ikke si "hva var det jeg sa" til han som forsov seg Idag! Og det er Vær og varme til å gå med mindre klær og nakne tær, livet er ikje så verst!
SlettJeg har alltid sagt at det står tydelig i mammainstruksen at vi skal mase, ellers er vi ikke ordentlige mødre... :-)
SvarSlettNyt finværet så lenge det er her! Etterpå får vi nyte gråværet... ;-)
Viste jeg hadde det fra ett sted! Naturligvis mammainstruksen , den store kloke boken :)
SlettIkke så varmt her som hos dere, men iallfall sol!
Du masar 24/7 sa den eldste ein gong i oppveksten..
SvarSlettHæ?, sa eg då. Ja, 24 t i døgnet/ 7 dg i veka. WOW!
Heldigvis litt mindre masing etterkvart. Og masinga er gjort av mors kjærleik/omsorg!
For eit nydeleg dikt!!