mandag 6. juni 2016

Vekestart veke 23

God måndag til deg!
Her er det sol. Vaskemaskina går, oppvaskmaskina jobbar ekstraskift. Vi har hatt overnattingbesøk i helga, veldig kjekt! Tid til å prate med vener vi ikkje ser så ofte. Eg har bestilt tannlegetime, fordi det er ting som tydar på at den tanna som har gjort vondt heile helga, neppe har tenkt å gje seg av seg sjølv. Eg tygg berre på høgre side, for å seie det slik...

Eg skal ut i sola, gå ein tur. Ligge i sola og bli brun! (det er ikkje så varmt, men heilt inntil veggen burde det gå) Eg skal til fysioterapeut og i kveld er det attpålag etter ein konfirmasjon. Ein travel måndag, sjølv uten jobb.
Eg skal byrje på jobb på torsdag. Det blir spennande! Litt dørstokkmil når det er så lenge sidan sist. Men all erfaring seier at det blir bra når eg er igang. Det blir fint med litt meir rutiner i kvardagen, å ha nokon å ete lunsj med og noko å gjere. Så får vi håpe at ryggen er enig.

Eg går lengre turar enn før, og sist veke gjekk eg min hittil lengste. Til mitt "smultronställe" i skogen. Det er det stille, det er godt å sitte, senke skuldrene og puste med magen. Ein kvilestein på vegen.

"Til deg du hei og bleike myr..."



Myrull

Dagens bukett




LIVET ER IKKJE RETTFERDIG


Livet er ikkje rettferdig!
Og det fins ingen klageinstans
Berre kvilesteinar på vegen
Små lune skjul av gleder
å krypa inn i
Ein ny soloppgang
Eit ekorn velberga over vegen
Menneske som med opne liv er der


Bente Bratlund Mæland

Ha ein fin måndag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar