mandag 29. september 2014

Vekestart veke 40

Ein slik kveldsmat, der alle er samla, for første gong på over ei veke. Der første delen av måltiden går med til å diskutere og delvis vise kor mange trappetrinn det går ann å hoppe  i stille lengde/høgde. Der tenåringane berre pratar tøv, ler tenåringslatter over mor som sukkar, der det plutseleg blir nødvendig å google "kvark", der nokon fortel at det i USA er litt pinleg at den eine kvarken heiter bottom. Der vi brått er innom mobbing, og observasjonar av kva som blir gjort til humor på tv, men som ville vore ondsinna i det verkelege livet. Der det er allsang til musikken mor hadde i bakgrunnen då ho vaska opp. Der det er godmodig krangling om middagsrestane, der nokon meiner at pølsebiten ingen veit kvar kjem frå, iallfall høyres ut som mat når dei dunkar den i brødfjøla. Der nokon snakkar om mobiltelefonar og forskjellen på eit kamera og ein telefon. Eit måltid å minnast. Der det mor seier blir vridd og vendt på slik at eg brått meinte noko anna. Der vi lurer på kor mykje mindre mat han på 18 kan ete når vi ikkje får barnetrygd for han lenger. Ein slik kveld der dei lurer på om eg vil synge sangen min, om at "dette er eit galehus", men det vil eg ikkje, for det er jo ikkje det. Det er meir eit gladehus!
Ein slik kveldsmat der mammahjartet bankar hardt og stolt over dei fine gutane, mannen min, den gode stemninga og familien min!

Og ute er det mørkt, det er stor tekopp til mor og hausten lurer i krokane.


Ein slik kveld ein skulle vore steinhoggar;
"Det gode skal en hugge i fjell, det onde skal en skrive i snø."

Ønskjer deg ei god veke!

5 kommentarer:

  1. Slik er det!
    Dei veks til..
    Berre midt i guten som er heime dette "skuleåret"..
    Medan yngste som har gjort Austlending av seg er heime på haustferie.
    Og eldstemann er Trønder på 4.året..
    Akk ja, tida går!

    Ha fin veke!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg tenkjer jo på det, at dette er truleg siste hausten med alle heime, livets gang….det er så rart! Syns ikkje det er så lenge sidan eg ikkje hadde barn!

      Slett
  2. Så koselig! Ta vare på disse måltidene.. de blir sjeldnere og sjeldnere syns jeg.. alltid en eller annen som har noe i ilden og derav er vi aldri fulltallig lenger.
    Ha en flott uke!

    SvarSlett