onsdag 11. september 2013

Pysemamma

Idag fekk eg ikkje tak i ein av juniorane, meir skal ikkje til før eg blir bekymra!

Før eg fekk barn, trudde eg at eg var tøff! Eg burde vel ha forstått at det er eg ikkje, eg som ikkje likar høgder eller fart. Då eg gjekk gravid, tenkte eg at eg skulle oppdra ungane til å bli tøffe og uredde. Dei har vorte det, men det er mykje fordi dei har ein far i tillegg til pysemamma`n... Pysemamma`n ser nemleg farar over alt!

Eg er ei pyse, rett og slett! Eg bekymrar meg for mangt og mykje, kanskje bittelitt unødig og. Eg kan sjå for meg det verste på kort varsel, særleg dersom ingen svarar når eg prøver få tak i dei. Er dei sperra inne i brann? Ligg dei forslått i skogen med sykkel over seg? Det er ulempa med mobiltelefon. Den bekymringa slapp mine foreldre! Og har tenåringane sove nok, kledd på seg rett, hugsa å ete?

Ein engel som passar på
Eg prøvar vere flink, eg seier hurra når dei meistrar, eg lyttar til ein viss grad til forteljingar om kva dei har gjort på sykkeltur i skogen, eg nikker lett nervøst til historier om klatreturar etc, og snur meg diskret vekk når nokon skal vise triks. Eg er ganske god til å beundre utsikta den andre vegen! Eg lærte det av ei anna barnehagemor for mange år sidan, at det å snu seg vekk, men samtidig vere der, kunne vere godt for nervøse mødre(då er vi klare når junior må lappas saman, på ein måte)

Men det er jammen med god grunn eg er litt nervøs! Eg har fått telefon om kløyvde lepper(og tunge!), brekte armar, vridde knær og utslåtte tenner. Eg har fått spørsmål om det er mogeleg å vaske bort blod...det går, men holet på buksa var så stort at det var berre å kaste den. Eg har sett ein junior stupe over panseret på møtande bil, det gjekk bra den gongen også. Av og til smør dei på litt ekstra når dei fortel, sidan dei veit at mor blir bleik. Eg kan vere kald og roleg og ordne opp når det trengs, eg brøyter meg veg i køa på legevakta, eg held maska ganske lenge når det gjeld, men etterpå....skjelvande løvblad! Eg er evig takknemleg til tannlegen som lappa saman lepper og tenner på han som hoppa og landa litt dumt på sykkel, men som først plasserte mor i ein stol i eit hjørne, med beskjed om at no skulle dei fikse guten.

Eg er veldig glad eg har aktive gutar, eg er glad dei likar å bruke kroppen. Eg trur til og med at dei blir flinkare til å bruke kroppen, når dei utfordrar den. Balansen blir god av å sykle på smale skogsstiar, den som klatrar blir sterk og smidig. Men treng dei sykle i mørket, og så fort? Treng dei gå på topptur åleine? (joda, far min gjorde det same i ca 1946, men det er lenge sidan!) Og kan dei ikkje stupe frå litt lavare høgde, og er vatnet varmt nok?!
Eg trudde det skulle bli litt betre når dei vart større, men det lurer stadig nye farar. Bilkjøring for eksempel, ja berre øvelsekjøring er tøft for mor. Korleis eg skal tørre å sende dei ut i verda, lurer eg på. Vil dei klare seg utan mor? Truleg ja, og dei vil vel klare seg godt...
Eg øver meg på å sleppe taket, og er glad eg har litt tid igjen. Eigentleg gler eg meg til at dei er ute av huset(og eg trur dei gler seg og), men det blir rart og skummelt!
Når vil eg slappe av og slutte å bekymre meg? Vil det i det heile skje? Og er det andre som har det slik?


(eg har litt å slekte på; bestemor var bekymra for barn og svigerbarn og barnebarn og barnebarns barn heilt fram til det siste. Trur ikkje foreldra mine er heilt fri heller.)

2 kommentarer:

  1. Uff...nå gruer jeg meg litt til de skal vokse opp og bli store, disse guttene mine... :) Men det må vel gå bra, det også. Syns du virker veldig tøff, jeg da :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk ! Øving gjer meister, blir tøffare med tida! Men løvemor vil så gjerne beskytte barna sine... Var ikkje meininga å skremme deg, eg er kjempestolt over tøffe, aktive tenåringssoner, men syns dei skulle vore flinkare å gi mor beskjed om jvar dei er!

      Slett