tirsdag 4. desember 2012

Berlinerkransnostalgi

Plutseleg hadde eg litt tid, og då vart det baking av berlinerkransar. Eg brukar samme oppskrifta kvart år, ikkje noko fiksfaks, eg held meg strengt til oppskrifta og passar på at dei ikkje blir for mykje stekt, dei skal vere gyldne og smelte på tunga....mmmm!
Oppskrifta finn du feks her;
Tine sine berlinerkranser

Vi brukte ikkje ha berlinerkransar heime då eg var lita, men Gudrun-nabo måtte ha det for at det skulle bli jul. Eg var gjerne med på kjøkkenet hennar, og fekk med smaksprøver heim. Gudrun hadde mange teoriar om baking; vart ikkje brøda som dei skulle, kunne det vere at ho hadde baka på fallande måne eller før det var flo. Alle veit jo at det ikkje blir bra då! Eg brukar gjerne den grunnen sjølv...
Men sjølv om berlinerkransar ikkje skal heve akkurat, så er det mykje som kan gå litt på skeive, deigen heng ikkje godt saman, deigen blir for varm etc, så eg forsto tidleg at berlinerkransar ikkje var for pyser!  Desto tøffare kjenner eg meg når eg bakar dei, og får godt resultat!

 Gyldne, sprø, skjøre kaker, smeltar på tunga....
Den mest nostalgiske kakeboksen eg har, minner om ein Gudrun hadde, full av kaker. Dei må vel leggast på ein lur stad for å vare til jul :)
Det står meir om Gudrun her; Te-plis

Eg kjenner på at desember er kort iår, men det er mogeleg at den er omtrent som før? Igår fekk eg endeleg opp adventskalenderen, det var jo berre 3.desember... Eg ligg skikkeleg bakpå med julegåver, og alt frå mørkeloftet står framlei på stova. Men i morgon skal det opp på oftet igjen!!!

Som barn derimot, var desember endelaust lang. Vi hadde kalender, ikkje meir hemmeleg innhald enn at eg var med på å pakke inn seigmenn og sjokoladebitar. Når den var klar, var ikkje julaften å skimte i det fjerne ein gong...sukk!
Heime hos oss var det tradisjon at dersom det skulle pussast opp, skulle det vere ferdig til jul, og då gjeld det å ikkje starte for tidleg. Den store adventskosen blir det ikkje på den måten...men samtidig var det slik det brukte vere. Det var alltid litt kaos rett før julefreden senka seg. Eg meiner bestemt at vegg-til-vegg-teppet som vart lagt i 1978, ikkje var på plass før 22.desember, og vi har fine bilete frå stova i 1992, utan bilder, knapt lamper, men nytapetsert! Ikkje rart eg har mørkeloftet på stova, og for to år sidan knapt hadde kjøkken til jul, både arv og miljø!

Eg skal ein annan dag innvie dykk i rensking av oljekamin lillejulaften og fullt hus julaften formiddag...


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar