torsdag 22. november 2012

Tradisjonar

Eg held meg ganske hard, og har ikkje jul i november. Eg kjenner at advent nærmar seg, og då skal eg prøvesmake julebrus, pepparkaker og marsipan. Det har ikkje kosta all verden av viljestyrke å unngå julemat og julegodter, fordi det har vore så mykje godt å ete lell. Eg har rett nok starta på julegåvene, treng litt tid til det når vi tilsaman har 17 nieser og nevøar, 6 søsken med ektefeller, 4 foreldre og oss sjølve å finne noko til! Vi driv og snakkar om adventskalender, skal/skal ikkje? Skal vi, må eg snart byrje å tenkje på kva den skal innehalde. Eg har kjøpt lilla lys, og lurer litt på om eg vil finne igjen adventspynten, for kvar la eg eigentleg den?! Adventsdukane veit eg iallfall kvar er, etter å ha brukt heile desember på å leite etter dei eit anna år.

I dag er det Thanks giving, og på laurdag er vi invitert til ein nabo på kalkun med alt tilbehør og skal feire thanks giving. Dei har gjort det til ein tradisjon å invitere naboar på fest denne helga, det er så kjekt! Gode naboskap er vel verdt å feire!

Men enkelte ting må gjerast i november for å kunne nytast i desember! I år har eg ikkje salta og tørka eige pinnekjøt eller fenalår(nokre år rekk eg det, andre ikkje...) Eg har ikkje laga sauerull heller, men plana er å lage enkel grisesylte etterkvart.  Men utan fruktkake blir det nesten ikkje jul hos oss!
Då vi starta feire jul for oss sjølv for 13 år sidan måtte vi finne noko som var vårt, og ikkje berre var noko vi hadde med oss. Eg fann oppskrift på ei fruktkake som har fulgt oss sidan, enten vi er heime eller borte. Den må lagast i god tid og så få ligge og godgjere seg, men ein liten prøvesmak blir det når den er heilt fersk :) Då ungane var små, innførte vi at lillejulaften, når det meste var under kontroll og roa senka seg(ungane var i seng, altså) fekk vi fruktkake og julehefter. Begge er vant med at julehefta først kjem fram etter middag julaften, medan ein ventar på pakkene, men vi gjorde ein vri -som har halde seg! Vi gjer det alltid slik når vi er heime hos oss sjølve, men vi kan ikkje vente til ungane er i seng lenger!

Oppskrifta er ikkje hemmeleg; den kjem her:

Engelsk fruktkake





350 gr blanda nøttekjerner (feks valnøtter, hasselnøtter, mandler, paranøtter)
150 gr tørka dadler
150 gr tørka fiken
100 gr hakka sukat
50 gr røde coctailbær
150 gr rosiner
100 gr mel
1 ts bakepulver
1/4 ts havsalt
150 gr sukker
3 store egg

Smør ei brødform(ca 1 liter) Bland de 6 første ingrediensene, bland inn mel, sukker, bakepulver og salt. Bland godt og rør inn eggene. Fyll i forma. Steik i ca 80 min ved 160 gr.

Og ja, oppskrifta er heilt rett, det skal kun vere 100 gr mjøl, det er mykje sukker og det vil ikkje sjå ut som om dette heng saman, men det gjer det! Når kaka er avkjølt, pakkar eg den i aluminiumsfolie og legg kjølig fram mot jul. Denne kaka egnar seg godt som julegåve, planlegg eg det lagar eg dobbel porsjon.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar