Kvifor iallverda gjer eg det? Mørk og kald og utan ekstra fridagar og eigne tradisjonar.
Jo, nettopp fordi den har så dårleg rykte og meir og meir blir oppeten av jul. Eg kjenner eg blir prega av det som skjer rundt: start jula no(det blir vel ikkje sagt så rett ut, men...) i fred og ro, prøvesmak juelmaten medan det er tid, pynt så du rekk kose deg+++ Eg vil finne det gode med november!
Eg var ute og handla 1.november og vart nesten fanga av jula. Eg kunne jo kjøpe julepynt no, så mykje fint og søtt og stilig og sjå i butikken. Eg fall nesten for fristelsen, men så tenkte eg: treng eg den? Neppe. (Og er eg heldig er den på salg allereie før jul, så eg kan kjøpe den då.)
Julematen er her, et den no! Kvifor det? Då blir eg lei før til og med adventstida startar. Klarer eg vente til iallfall 1.desember, er det lell over 3 veker til sjølve jula byrjar. Julemusikk har eg ikkje høyrt enno, men den kjem nok snart.
I år vil eg heller prøve å fokusere på november!
Ein månad for å ete haustmat! Eg kan godt ete fårikål ein gong til, eg har ikkje laga lammelår enno, og eplekake, mmm, med kanel og rosiner og mjuk krem, det kan eg lage mange gonger av dei sure, sprø epla frå apalen heime! Og suppe med rotgrønsaker og svineknoke, eller ertesuppe, eller kanskje kjøtkaker med tytebær til? Og ein kveld vil eg ha kanelsnurrar og kakao med krem.
Eg kan tenne levande lys i mørket, dei fine lyslyktene mine ute kan godt brukast endå meir og skaper hygge! Og inne kan eg fylle stova med telys og duftlys og stormlykter.
Eg skal ha sykveld med nieser og søster, vi skal sy til julemesse og julegåver og oss sjølv, vi kan høyre mjuk haustmusikk, kanskje litt jazz medan vi pratar og kosar oss, i november!
Eg kan gå på kafe med vener og kollegaer, og kjenne på den gode samtalen og snakke om gleder og lufte frustrasjonar.
Eg skal fyre i omnen og krype opp i sofaen og lese gode bøker. Treng du tips, sa du? Eg anbefalar Ken Follett og den nye boka hans: "Vinter over verden". Eller engelsk krim, av Ann Cleeves, eg les på Kindle og kosar meg!
Eg kan gå tur i mørke kveldar og lengte til sola snur, kjenne litt på novembermelankoli. Eller eg kan gå tur om morgonen og sjå dagen komme, kanskje med novembersol som idag?
Eg vil høyre på radio og lære noko av eit program på P2 eller la meg underhalde av P1, eller motsett. Eg vil høyre ny musikk på P3, eller høyre på ein kanal eg aldri høyrer på og oppdage noko nytt.
Samtidig kan eg skrive lister for det eg skal i desember, julegåver og bakst og julekort, og vite at eg har det der, på listene, eg treng ikkje huske det. Eg kan kjøpe inn til adventskalenderen, slik at vi kan starte nedtelling i desember-når tida er inne.
Men eg vil leve i november, ikkje berre ein transportetappe til jul!
For et fint innlegg!!!
SvarSlettTakk for din kommentar på mitt november innlegg nå. Jeg satt der og puslet med dette bildet jeg la ut og noen til, og tenkte på tekster. Hva skal man skrive? Hva skal man si?
Så googlet jeg novemberdikt og fant det av Welhaven som jeg syntes var så fint.
Passa godt det :)
Du har helt rett, vi bør fokusere på november. For meg blir juletreblogging litt for tidlig nå, skal jeg begynne med det nå så er jeg redd for at jeg blir lei av alt som heter jul før 1. desember. Og det vil jeg ikke.
Vi koser oss inne med tente lys og ikke minst, synes jeg at Downton Abbey på tv hver søndag kveld er herlig høstkos :)
Godt sagt og godt skrevet! Vi må velge å leve i nuet, ikke bare vente på noe annet!
SvarSlett