lørdag 7. juli 2012

Ferieinnspurt

Dei siste dagane vart tempoet litt lavare, temperaturen var ikkje lav, så litt bassengliv var feks godt! Og alle hadde vel litt vorte tøffare og flinkare i vatn i løpet av dagane med bading, så det var kjekt å øve litt til og vise fram kunstene.
På kvelden 4.juli var vi i Univesal studios og såg vasshow og fyrverkeri. Heilt anna enn 17.mai, men folkelivet var litt det samme(om ein ser vekk frå temperaturen og at det var mørkt)
Torsdag kveld hadde vi felles middag; 9 stk som har vore på tur 14 dagar og alle framleis vener og vel forlikte er vel verdt ein felles middag! Det var kjekt pg lettvint å reise saman med nokon med større lokalkunnskap enn oss!

På fredag reiste dei andre tidleg og vi var i Epcot-senteret til Disney. Der var vi mellom anna i den norske paviljongen og såg at dei hadde sjokolade og lefser til salgs, og høg viking- og bunadsfaktor. Det vart ikkje til at eg kjøpte meg hatt i "Mexiko", men den ville sikkert hjelpt mot sola?

Iallfall når du ser kor lite skugge Sverre kastar midt på dag!
Framfor hovedattraksjonen i Epcot
No er vi vel heime igjen etter 18 timar på reise og lite søvn, så godt det er søndag i morgon så ein kan snu litt på døgnet før jobb på måndag. Huset er fullt av halvvegs tømte koffertar og vaskemaskina arbeider hardt med å ta unna, litt etter litt blir det kvardag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar