torsdag 26. juli 2012

Leselogg, juni/sommarferie

No for tida er det logging av lesning som gjeld på skulane, til og med i ferien. Slik var det ikkje då eg var lita, det hadde vore noko, eg las i periodar bunkevis med bøker, kanskje ikkje alltid like gode bøker...
Eg har lese litt ymse i sommar, både på papir og på Kindle, på flytur, ved bassengkanten og rett før eg sovnar, akkurat som det skal være!
Eg las Graverens datter tidleg i sommar, ei ganske rå historie om ein familie som har flytta til USA før 2.verdskrig, og som ikkje kjem inn i samfunnet. Med dei siste vekene sine nyhende om Romfolk etc, er dette litt får den andre sida.
Då vi skulle på ferie, leita eg etter ei tjukk bok(snakk om kvalitetskrav!) Eg endte med Den usynlige broen og det var eit godt val. Den handlar om ungarske jødar i Europa før og under 2.verdskrig, ei fin, engasjerande historie og naturlegvis mykje grusomt med eit slikt bakteppe.
Eg fann fortsettelsen til ei bok eg las for mange år siden; Knit two Skikkeleg fell-good/chiclitt, akkurat kva ein treng i ferien. Fekk ein ettermiddag i bokhandel i USA; det er gulltid, finne nye skattar og gamle gleder:)
Eg kjøpte også ein skikkeleg ukeblad-strand-sommar-roman som eg la att på flyet, den var ikkje verdt å ta med heim, men den var god tidtrøytte på flyplass og fly:) Huskar ikkje ein gong kva boka heiter...
Eg skulle lese John Irving i sommar, men kjem ikkje heilt inn i boka. Den ligg på nattbordet, og får vel få ei ny sjanse?
Eg har fått Kindle(lesebrett) og etter litt lærevanskar i starten, les eg gjerne bøker der no!Det har vorte litt Agatha Christie og nyare enngelsk krim; Vera Stanhope, det er også landsbykrim frå England.
No les eg From the Goon Squad  (på norsk Bølle på døra) Den har fått gode kritikkar, og det forstår eg og forstår eg ikkje... Det er mange historier om folk som kjenner kvarandre meir eller mindre, over ein lang tidsperiode, nærast ei novellesamling, men lell en roman. Nærmar meg slutten og er spent på kvar vi ender!

Sommerboken
Berre omslaget er nok til å vekke leselyst!

Igår gjekk eg på ein bokhandelshoppingsmell, som så ofte før... Sommerboken av Tove Jansson vart med heim, saman med Kammerpiken av Cecilie Enger, eggler meg på nokre fridagar og tid til å lese! Eg har i tillegg Ernest Hemingway si bok For whom the bell toll, kjøpt i museumsbutikken ved huset hans på Key West.

2 kommentarer:

  1. Lurt å bruke bloggen som lese (b)logg;) Det har jeg fundert på også, jeg nærmest sluker bøker og tenker at det kan være bra å lage noen notater om hva jeg har lest og hva jeg syntes om bøkene.

    SvarSlett
  2. Eg les masse, av alle slag bøker, og fann at dersom eg skriv om det i bloggen huskar eg litt betre sjøl og, særleg når nokon spør om lesetips.

    SvarSlett