Å, den overskrifta har eg venta på å bruke:) og no har eg sett alligator og syns den passa. Vi har vore på alligatorsafari inn i Everglades(som er ei elv som renn sakte... 1/4 miles pr dag. Kan nesten tru det berre er ei stilleståande myr)
Vi køyrte airboat, motor og propell over vatn. Det var som om vi skulle køyrt båt over myrane ved Litjevatnet, artig. Men alle alligatorane hadde gøymt seg i varmen, så dei såg vi ikkje før i kom til parken etterpå.Enkelte heldige fekk halde alligatorbaby også :)
Kvelden før sov vi ved Mexikogulfen, der var det strand og palmer og måne. Vi fekk bada og plukka skjell og vore litt luksusturistar.
På turen tilbake til Orlando såg vi denne bilen, noko for bilinteressert slekt?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar