På 70talet sendte NRK engelskkurs, det
var populært. Mange eg kjente oppdaga at engelsk var noko dei ønska
å lære, og NRK gjorde de mogeleg for alle.
Mi gode venninne Gudrun, som var naboen heime
og ca 60 år eldre enn meg(alder inga hindring), gjekk på kurs. Om
ho hadde lært engelsk før, huskar eg ikkje, men no var iallfall
tida inne. Eg hadde ikkje byrja lære engelsk og syns dette var
veldig spennande! Etter litt søk på nett, fann eg på at kurset
heitte «Start» og at NRK sendte det i 1977, då var Gudrun nesten
70 år. Eg huskar veldig godt boka, men har ikkje klart å finne
bilder av den, lekker 70tallsdesign hadde den iallfall. Eg fekk sjå
i den, men forsto lita, ikkje enkelt å lese engelsk når ein knapt kan
lese norsk. Kor mykje Gudrun lærte veit eg ikkje, men kurset vart
starten på eit heilt nytt måltid!
Alle veit at engelskmenn drikk te. Når
du skal ha te, seier du «Tea, Please!» På vår dialekt vart det
meir til «te-plis», og det vart namnet på formiddagsmaten.
Te(sikkert også kaffe) brød med ost, og alltid ei kake eller ein
kjeksbit til slutt. Gudrun var tross alt husmor i ei tid der alle
hadde kakeboks med kaker i tilfelle ein trong det. I min familie veit alle kva det dreiar seg om når vi seier det er på tide med teplis. På våren satt vi
på glasverandaen og kjente sola som byrja varme. På sommaren satt
vi ute, alltid med skikkelege koppar og fat, og i min hukommelse med
solbriller eller solhatt, og rett ved eit frodig blomsterbedd.
Så koselig! Gleder meg og har lagt meg til som "følger" til bloggen din :)
SvarSlettTakk!
SlettKoselig med sånne barndomsminner, og for noen nydelige kopper!!!
SvarSlettBlir følger jeg også...
TAkk!
SlettSå kjekt! Syns det er litt skummelt, så eg begynner litt forsiktig;)
SvarSlettArtig å lese! :-)
SvarSletttakk!
SlettÅh, mimre, mimre! Teplis er frå ei svunnen tid, kjenner eg. Frå den tida då solhatt og solbriller absolutt var på plass!
SvarSlett