Luksus kan vere så mangt.
Sko og smykker, fin ferie, godt vær(det er ein luksus eg lengtar etter)...
Idag var det ein halv time på kafe med ei god bok medan eg venta på junior som hadde spilletime. Berre sette seg ned og vente, ikkje skulle gjere nok anna enn det. Ingen vaskemaskiner som skal fyllast og startast, inga trapp som skulle vore støvsuga, ingen oppvask, berre meg og ei god bok og eit glas Pepsi max!
Så er eg klar for kvardag og rutiner igjen! Og alle oppgåvene mine venta på meg;)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar