Livet, døden, kjærligheten og bamsemums
torsdag 18. mai 2023
Mat og smak og minner
tirsdag 27. september 2022
Eg, ein influencer?
søndag 11. september 2022
Georginer og gravferd
Eg håpar ikkje denne sommaren er den nye normalen. Denne sommaren har vore lang, men ikkje på ein god måte. Det har vore både georgine og gravferd, i fleirtal. Georginer vil eg ha kvar sommar, men ikkje gravferder.
Forrige innlegg handla om georginer. Hagen min har handla mykje om georginer i sommar, eg har pusla og stelt og venta og luka og omsider fått knoppar og etterkvart blomster. Eg har forskjelleg anna her også, men det er georginene som er mest spennande, og krevande.
I midten av juni voks georginene godt, og det byrja kome knoppar på dei første.
I midten av juni døydde storebror. På ein måte var det brått og uventa, på den andre sida noko vi visste kunne skje snart. Mange år der vi mista han gradvis, hadde gitt forvarsel, men når det skjer er det rart og tomt... Å miste eit søsken er rart. Vi var fire, no er vi tre igjen. Tre søstre, utan broren vår. Den stødige karen, ofte med eit smil, også når språket var nesten borte. Ertekroken som lillesøster aldri klarte å lure. Sjølv dei siste åra kunne han stikke ein finger i sida på meg og le godt, det lyste kjærleg storebror-erting av han! Broren min som passa meg då eg var lita, som i mange år ringte når han var på biltur, som var uendeleg stolt av søstrene sine og familie.
Heldig er den som har ein storebror som passar på seg |
Veka med gravferd var kanskje den finaste værveka i sommar, og vi hadde fleire kveldar med kveldsmat, prat og besøk i solnedgang i Måndalen. Svigermor fekk permisjon frå Helsehuset, og var saman med oss.
Solnedgang som lader batteriet Juni 2022 |
Det tek litt tid å kome tilbake til kvardagen etterpå. Noko er jo endra for alltid, livet er endra. Men ein viss normalitet må det bli, og det vart nokre veker jobb før ferien kom.
Georginene voks. Men været snudde, det var kaldt, vått og litt trist for blomster i grunnen.. Dei voks sakte. Ferien kom. Med regn og korona. Og svigermor var sjuk.
Ferien var likevel fin. Det var familietid, fjellturar, musikk, god mat. Jordbær, rips og solbær.
Og georginene starta å blomstre!
Georginer frå hagen 11 ulike på ein gong! |
Nokre dagar etter at ferien vår var over, døydde svigermor. Etter lang tid med alvorleg sjukdom var det slutt. Ei god svigermor er borte, den eldste generasjonen no er plutseleg oss...
Då vi var i Romsdalen denne helga, blomstra georginene hennar. Som eg har overtatt ansvaret for, saman med hagen. Store sko å fylle!
søndag 1. mai 2022
tante Kirstis lille gerogineguide
Muleg dette er litt overmodig, men no har eg klart å overleve georgineknollar to vintrar på rad, så eg tørr ta sjansen på å skrive ned kva eg gjer (og så har eg ein stad å leite tilbake til sjølv også)
Humlene er også glad i georginer! |
Kvar får ein knollar frå?
Overvintra knoll frå kjellaren Godt merka! Akkurat denne er frå frø eg sådde i fjor |
- kjøpe, det finns masse der ute!! Butikkar, nettbutikkar... farleg, farleg :) Knollar er til salgs på seinvinteren/våren. Dei ser ikkje så spennande ut, men dei er fulle av overrasking og skattar. Det er mykje vinterglede i å sjå på blomster på instagram, få tips og søke opp å ulike nettstader. Vil eg ha store? Enkle eller fylte blomster? Einsfarga eller med ulike farger? Høge eller lave? I potte eller bed?
- bytte. Mange har knollar som dei overvintrar, kanskje du kan få ein?
- kjøpe georginer som blomster, og ta vare på knollane når hausten kjem
- (overvintre sjølv, meir om dette lenger nede)
- nei! I fjor kjøpte eg ulike frø, og det vart fine planter, og knollar eg tok inn til vinterlagring
- frø må sås tidleg, tidlegare enn om ein skal sette knollar, men det kan vere ganske triveleg vinterkos med små planter i heimen, Berre hsuk at dei blir større og må pottast om.
- enkelte anbefaler plantelys, det er sikkert lurt, men eg hadde ikkje det til mine.
- dette er som eit mysterium! Dei kan sjå tørre og triste ut, men med litt stell, kjem det spirer
- i mars/april brukar eg å ta fram knollane frå kjellaren, legge dei på eit svalt, lyst rom. Nokon vatnar dei, men det har ikkje eg brukt å gjere.
- etter nokre veker, har eg brukt å fjerne mest mogeleg laus jord. Ofte har det komme spirer no :) Eg kastar sjelden knollar, men er dei innholde/tørre/oppsmuldra uten spirer, hender det at dei ikkje blir med lenger
- når dei har fått spirer, deler eg opp dei store knollane(gdet blir gjerne samling av fleire knollar i ein jordklump) slik at alle deler har ein fersk spire
- eg fyller jord i en brødpose(6 l ) og sett knollen oppi og fyller jord lslik at det akkurat dekker knollen. Samlar fleire posar i plastesker og sett til spiring i eit lyst rom. NB, no er det veldig lurt å merke posane på ein eller annan måte, slik at du veit kva som kjem opp, stol aldri på at du huskar korleis du sette dei 5 ulike nedi samme boks...
- vatne forsiktig! Etter kvart vil det kome spirer opp av jorda, og du ser nettverket av røtter i posen.
- ikkje sett dei ut før det er frostfrie netter! Eg ber ofte mine ut og inn i starten.
Kasse med posar fulle av georginer
- i juni, om du er heldig, byrjar dei å blomstre. Og utover seinsommaren kjem dei med meir og meir blomster, mine har blomstra heilt til frosten kjem, men då er festen over, og knollane må opp av jorda og inn før det blir frost i bakke.
- eg brukar plukke georginer og ha i vase inne i huset, over alt eigentleg. Mikse saman farger (og då er det artig om ein har litt ulikt, tips til neste års innkjøp)
Knoll i eska, har overvintra i kjellaren |
- når det nærmar seg frotsnetter, er det på tide å ta inn knollane
- dersom du har dei i potter, skal det gå an å overvintre pottene inne, men det har eg ikkje prøvd
- eg klipper ned greinene, før eg tek opp knollane og legg dei til tørk i kjellaren. Det er viktig at dei har minst muleg jord på seg, og hald seg tørre gjennom vinteren, ellers rotnar dei
- NB, merk knollane etterkvart som du tek dei opp. Det er umuleg å sjå om det er ein lilla, enkel georgine eller ei stor mørkeraud dersom du berre ser på knollen!
- eg legg mine på avispapir i små plastesker med perforering, og sett dei mørkt og svalt under nokre hyller i kjellarboda.
torsdag 26. august 2021
Kvelden før 53
Altså, det er evig lenge sidan eg blogga, men det hoppar vi bukk over!
Eg har bestemt meg for å lage eit innlegg der eg ser på litt som har skjedd dette året. Og eg held meg til datoen 27 kvar månad, det er ganske ryddig! Dette blir eit slags øyeblikksbilete, og mykje som har skjedd, blir ikkje med. Som for eksempel at eg jobbar ganske ofte.
27.august Med tiara, det er jo tross alt bursdag berre ein gong i året |
27.september Vi hadde vore i konfirmasjon på Askøy, og køyrde Vestlandet til Romsdalen. Trur dette er i nærleiken av Stryn |
27.oktober Vi var i Måndalen, og hausten var heilt klart på veg! |
27.november Kaldt ute, og vedfyring inne |
27.desember Vi er heime igjen etter jul i Romsdalen Juletrepynten må dokumentrast |
27.januar Det er vinter! Det burde jo vore eit skibilete, men det var vel ikkje skitur den 27. |
27.februar Vi er i Romsdalen, igjen. Det har vore mange turar dit. Ser du regnbogen? |
27.mars Det er heilt klart påsketider. Med påskekylling frå 70talet og duken bestemor broderte i 1955 |
27.april Heile våren var eit langt hageprosjekt på gjesterommet, med særleg vekt på georginer. Det kan eg glede meg over i hagen no |
27.mai Sett jordskokk i jorda Ventar på at dei skal bli klare til mat |
27.juni På besøk hos "Norske Peoner" i Malvik Flott sommardag med blomster og utekafe |
27.juli Fjelltur i Måndalsfjella |
søndag 21. mars 2021
Søndag kveld
Søndag kveld er sånn bittersøt. Det er fri, enno, det er avslutning på helga, og inni hodet mitt starten på ei ny veke. Det er ein balansegang mellom å trekke helga lengst mogeleg og å tenkje på neste veke...
Helga som er over er fullt på høgde med kva ein kan ønskje seg av ei helg.
Eg er av dei som har fast fridag på fredag, av ulike grunnar. Eg hadde time hos fysioterapeuten, som eg ofte har på fredag, for strekk og knekk og stell av ryggen. Eg går alltid lettare ut, eg får spurt om ting eg lurer på, ryggen er rusta for meir og det er triveleg småprat. Denne gongen om å bryte smittevernreglar ein sjølv har vore med og laga, ref erna sin 60årsdag.Etterpå kjøpte eg meg ny vårjakke på yndlingsbutikken, og kven blri ikkje i godt humør av slikt?! Eg kjøpte fleire frø, potta om nokre stiklingar og ommøblerte i spirebarnehagen på gjesterommet. Og eg gjekk på ski.
Laurdag bakte eg loff, til påske. Vi får sjå om det blir igjen til påske. Eg bakte kjeks med earl grey-te, også til påske, tvilar på et die varer så lenge... Litt anna husarbeid vart utført i selskap med P2. Det var tid til te i tekanne. Påskete-sesongen er heilt klart i gang, og eg vekslar mellom 3 uliek typer. Kryssord og aviser og litt planlegging og tankar om korleis hagen bak huset kan bli. Og eg gjekk på ski.
Søndag startar best med "Musikkrebus" på NRK Klassisk, saman med te i kanne, kokt egg og mannen. Slik også idag. Ute snødde det både oppoer, bortover og nedover... Men eg gjekk på ski! (eg har fått altfor få skiturar i år, og no prøvar eg få med meg flest mogeleg før snøen forsvinn. Og det er så fint i skogen, også i dag med snø, vind, vatn i løypa og særdeles klabbete ski...) Etterpå har vi hatt middagsgjester og i desse tider er det sjeldan og særdeles etterlengta.
Og etter ei slik helg, er det tungt å starte på jobb tidleg ein måndag. Men når eg først er der, blir det nok bra. Og der er bette ei veke til påskeferie.
torsdag 4. mars 2021
Mars
Årets første marshelg. Eg har planer!
- vi skal ha middagsgjester! Huskar ikkje sist det skjedde. Vi må planlegge menyen.
- det snør, og eg SKAL på ski. Får tru det er nok snø til det og at foten held (den treng nok enno litt tid etter overtåkk og brot i desember)
- eg skal sitte litt og sjå på at plantene mine veks. Det spirar i det vesle "drivhuset " mitt.
- eg skal strikke. Eg har meir garn enn tid og tålmod, ser det ut til...
- eg skal drikke te! Eg har kjøpt påskete, og den startar eg på allereie no
Skal ikkje sjå vekk frå at det kan bli kjøpt meir te... - eg nyt at dagene blir lenger, at det er lyst både på veg til jobb og heimover, eg likar lyset når det snør i ettermiddagsskumringa.
Blåtimen - kanskje skal eg lese litt, rydde hus, brette klær etc, men det er ting om skjer uanhengig av årstid..