søndag 3. desember 2017

1.søndag i advent

Endeleg fekk eg tenne adventslys igjen! Åh, adventsstake og lilla lys og sein frukost og naturlegvis sang. For første gong berre mannen og eg. Det var litt rart! Så det måtte vi snakke litt om, livet utan barn i heimen... Kjenner oss litt eldre, på ein måte.



Etterpå gjekk vi tur, i øspøs og vind. I fjøra. Det var vått og kaldt, og friskt og godt. Lite bilder, fordi eg ikkje orka å ta fram mobilen i været.



Så kjøpte vi med oss bollar, klementin og marsipan og reiste på besøk til studenten som sitt og les til eksamen. Han vart glad for besøk, og pause. (og eg kjente at enkelte ting er greit å vere ferdig med, han skal ha 4 eksamenar før jul og eg har vore der, og lengtar ikkje tilbake! Aldri har eg hatt så lite skitne klær, og aldri har skapa mine vore så ryddige som i eksamensperiodane.... Ser ut til at junior har betre lesedisiplin enn mor si!)

Etterpå har eg tenkt mest på kva eg skal gjere til veka, eg har sove litt på sofaen og no tenkjer eg at eg skal sjå "Jul i svingen"!

Dagens vers?

No tenner vi det første lys, 
åleine må det stå.
Vi ventar på det vesle barn
i krubba lagt på strå.

lørdag 2. desember 2017

2.desember

Laurdag og god tid. Starta med å fyre i omnen, lage ei kanne te (frå adventskalenderen) og så landa mannen og eg i kvar vår sofa med frukost og julemusikk. Det tok litt tid før vi kom igang med noko særleg meir! Det er så godt med slik roleg start, og det har vore mange helger i det siste med mykje program.
Ser du ekornet opp på greina?

Men litt har vi fått gjort, både rydding, tur i skogen og adventspynting.

Alltid kaos før kos!

No er det lilla dukar, lys og stjerna er oppe. Godt med lys i mørketid, for snøen som fall igår, har regna vekk idag...


Adventsstaken kjøpte eg i studietida, den har ligge i kjellaren i årevis. Dei siste åra har eg stort sett brukt kubbelys, men i år hadde eg kjøpt vanlege lys, så då fekk eg lyst til å bruke den igjen. Etter ein vask var den god som ny, og no får den stå på eit brett(elles blir duken full av talg) saman med englekoret.



Snart blir det pizza, og kanskje ein film?

fredag 1. desember 2017

1.desember

Å, endeleg er det 1.desember.
Men eit par brå innsmett på timeplanen,  og eg er ikkje riktig i rute. Og det er heilt i orden. Eg har fått vere til hjelp ein annan stad, og eg trur nok eg skal klare å ta igjen  ein forsinka start!




 Fjøs med både adventsstjerne og juletre! 


No sitt eg på toget. Ser på bilda eg tok medan eg venta på bussen. Et lauper med kvitost og klementin. Høyrer julemusikk på Spotify. På mange måter har eg ei fristund! 

Og innimellom skriv eg litt på huskelista mi, for eg har naturlegvis med meg notatbok! I morgon skal eg pynte heime. Stjerne, blomster, krybbe, og kanskje bake? Om ikkje anna skal eg gå tur i skogen og plukke noko grønt til å pynte med!

onsdag 29. november 2017

Julegardiner er oppe!

No er julegardinene oppe! På kjøkkenet.
Rett nok på kjøkkenet til mamma,  men dei er iallfall oppe. 

Og mamma er ei dame med orden i sysakene, det var berre å gå i den hylla i skapet som ho sa, der låg dei. Reine, nystrøkne, og fint pakka i eske. Berre å henge opp, etter å ha vaska vindu.

Slik ville det ikkje vore hos meg. Eg ville først lurt på om dei var vaska, så kvar dei låg, og etterpå ville eg måtte leite etter strykejernet.   Eg har løyst det ved å ikkje ha gardiner...

søndag 26. november 2017

Søndag kveld

Kaldt ute, varmt inne. Fine ting!
Idag har vi verkeleg latt humla suse,  det gjer godt! Sein middag,  fordi 'nokon' ikkje hadde lese oppskrifta så nøye. Tur i skogen for å gå varme ryggmusklar som ikkje  er så glad i rolege dagar. Rydding i spel, slik at vi fekk tatt i bruk dei nye hyllene. 

I morgon er det måndag,  ei veke med litt uklare planer framfor meg.  Litt jul blir det nok😀 og jobb.



Frukost med ferskpressa appelsinjuice

Prøvesmaking av frukt- og nøttekake

Ettermiddagen utanfor stoveglaset


lørdag 25. november 2017

Julekakemonsteret slår til!

Idag hadde eg ein del skumle juleplaner.  Dei fleste har ikkje vorte gjort. For eksempel fordi eg sov litt lenge,  før eg åt frukost litt lenge i sofaen. Det var fyr på omnen, aviser,  te, pepparkaker til dessert. Ein klementin, meir te ++

Men eg har gjort litt haustting,  som å rydde vekk døde planter ute, tømme kompostbingen, bake eplekake. Mannen har snekra hyller på tv-stova! No skal det bli orden på spel og kanskje litt album.

Men i kveld, då har julemonsteret fått unna din viktig ting. Eg har bakt frukt- og nøttekake.  Den treng eg for å få julestemning. Den blir best om den får modne,  og det rekk vi no.

Hasselnøtter,  mandler,  valnøtter og pecannøtter.  Rosiner,  tranebær, fiken, dadler,  cocktailbær. Mykje godt!

(No er det berre ei veke til 1.søndag i advent. Og litt mindre til 1 desember,  og eg ligg alvorleg på etterskot med tanke på evt kalender... pyttsann! Den kan gjerast ferdig litt etter litt?! Lysten til å henge opp meir lys er sterk, men eg skal greie å styre meg,  trur eg)

torsdag 23. november 2017

Det er visst november enno

Sjølv om eg gler meg til advanr, den katten er ute av sekken no, så er det fint med novemeber også.
Idag gjekk eg tidleg frå jobb, fekk med mannen på tur i skogen og fekk sett solnedgangen frå skogen. På tur heim kjøpte vi med oss pizza, slik er livet utan barn som bur heime!
(unntatt dei dagane vi et restar til middag fordi vi beregna feil mengde dagen før, pga av dei før nemnte ungane som har flytta ut og sovnar i kvar vår  sofa etterpå)



Eg må utvide julelista mi litt meir:

  • i kjellaren heng pinnekjøt og fenalår til tørk, så vi har både pålegg og julemiddag nesten heimeprodusert (til jula skal det vere fenalår og pinnekjøt, sjøl om eg ofte syns at lam smakar ull)
  • eg har kjøpt amaryllis, den er smugla ned i kjellaren, og i løpet av helga kjem den nok opp, i fin krukke og med mose og kanskje nokre kongler. Tada! Kvar den kom frå? Nei, sei det!
  • eg har dratt i gang den fleirårige tradisjonen med adventskalender på jobb. Før eg rakk tenke på det, kom folk og spurte om det vart. Ei ganske overkommeleg oppgåve, då den som vil delta kjøper gåve og leverer til meg, og så sørger eg for å trekke kvar dag i lunsjen. Det brukar å vere få gåver i starten, men så syns folk det er trist å sitte der utan sjanse til å vinne, og det strøymer på med gåver! (og det fell litt heder og ære på meg)
  • eg fyller på med kaker på bakelista mi, aniskringler, lauper, tjukklefse. Og idag prøvar eg ut ei oppskrift på salte mandlar, nam! 
  • og det har dukka opp lys, her og der, i huset. 
  • eg kjøper julegodteri og gøymer unna, og når jula kjem, har vi rause mengder! 

Lista blir nok utvida, fleire gonger, før jul!

Og ein flott ting med november er thanks-giving! I morgon er vi invitert på kalkun til nokre naboar, og det er ein fin tradisjon! Eg gler meg!