fredag 29. april 2016

Mi indre burugle

Eg veit ikkje heilt kva ei burugle er, men eg trur bestemt det er ei litt småhissig, lett irritert, utålmodig sjel...omtrent som eg om dagen. (sjølv mannen seier, under press, at han merkar at eg er utålmodig)

Det går jo bra med ryggen, eg har stadig mindre vondt, eg klarer meir og meir. Og eg har god tid til å sjå på det eg ikkje klarer... eller ikkje har lov til å gjere noko med, altfor god tid. Eg blir ei litt mindre hyggeleg utgåve av meg sjølv. Eg har god tid til å sjå på ting som skulle vore gjort, vi snakkar vasking av bad, flekkar på skapdører, visne blomster etc etc.
Men eg prøvar jo å ikkje vise det(særleg at det virkar)
Så istadenfor å mase og seie "har du ikkje tatt opp brød?!" seier eg med silkemjuk røyst: "Når du likevel skal hente brød i frysaren, kan du vel ta med det som ligg i vaskemaskina?". Eller istadenfor å brumme "Kvifor er det berre EG som ser at det trengs å støvsugast her?!", smiler eg sukkersøtt og seier "Kanskje du tørkar opp den flekken der når du likevel skal støvsuge?"
Eg trur kanskje eg er gjennomskua... Det er ikkje artig å møte ein mindre søt og hyggeleg versjon av seg sjølv i trappa, det er omtrent så langt eg kjem meg, og der skulle det iallfall vore støvsuga!

Eg ser altså hårstrået på min manns skulder, men ikkje hybelkaninkolonien på mine eigne strømper (eller feil, det gjer eg verkeleg! Men eg får ikkje avliva den) Altså må eg berre lese fleire bøker, gå fleire turar og satse hardt på at det snart blir så varmt at eg kan bruke tid ute i solveggen! Eg må flytte fokus til noko anna, og har du forslag blir eg (og resten av familien)  glad!

(og når alle restriksjonar ang kva eg kan gjere er oppheva, kjem eg til å oversjå alle hybelkaninar og syltetøyflekkar i vekevis!)


Dagens frukost var bra om ikkje anna! Med kvitveis frå skogturen igår og te i Mummikopp. Her reknar vi på plusspoeng!

onsdag 27. april 2016

Eg har slikt å gjere...

...når eg ikkje kan gjere akkurat det som fell meg inn. Advarsel; dette innlegget inneheld litt sutring!

Eg har eit snev av brakkesjuke. Eg er verre no, enn eg var før operasjon, men det er jo forbigåande (etter planen). Eg reknar med at etterkvart er eg sprekare enn før, og ryggen vil vere god, men akkurat no, med operasjonssår og restriksjonar, blir eg litt lei, oppgitt og motlaus. Litt brakkesjuke, rett og slett. (Ja, eg veit at det kunne vore verre. Eg kunne fått nei til operason og gått med uavklart rygg enno. Eg kunne budd i eit land med krig, svolt, utan legehjelp etc. Men litt av problemet er at eg akkurat no ser kun min eigen nasetipp!)
Eg har sjeldan lyst til å vaske golv, men når eg ligg på sofaen og ser BobHarry og venene hans springe rundt på golvet, blir eg litt desperat. Eg bryr meg ikkje så mykje om vindusvask heller til vanleg, men no... Og slik er det med mange ting, eg ser dei, og har god tid til å tenke på det eg ikkje får til! Og det blir litt lange dagar utan selskap, eg får spara opp masse tema til mann og son kjem heim frå jobb!
Eg veit at det beste er å gjere som eg har fått beskjed om, det vil både eg og ryggen tene på i lengda. Og eg er jo mykje betre allereie, eg har kunne kutte ned på smertestilande, og kan snu meg i senga utan å vekke dei andre i huset!

Men kva gjer eg for å få dagen til å gå?

  • eg startar dagen med ei stor kanne te! Eg har masse god te å velge mellom, og eg går litt rundt, høyrer radio, blar i avisa, drikk te, før eg sett meg ned og et frukost, prøvar gjere det til ein god start(og det er best å drikke te medan ein er ståande eller sittande, veldig vanskeleg i liggande posisjon) Og ein liten bit mørk  sjokolade til frukostdessert! (og eg har på skikkelege klær, joggebuksa er parkert i skapet! Eg kjenner meg friskare slik)
  • eg finn meg ei god stilling på sofaen, med puter og pledd(for det kan fort bli kaldt, og særleg når det haglar ute) Eg har etter litt tid kome fram til at det er ikkje så farleg om eg søv litt på dagtid. Eg søv dårleg på natta, og det er greit å ta igjen på dagen(iallfall litt)
  • eg høyrer radio, på radio, som nettradio eller podcast. Eg er særleg glad i P2, med Ekko, Kulturhuset og Salongen.  Men eg er innom NRK Jazz og NRK P1 også.
  • eg les! Særleg ebok, på Kindle. Frykteleg greit når ein ligg på ryggen, fordi den er så lett å halde. (og så lett å fylle på når ein har lest ut ei bok....)
  • eg vaskar klær. Det går, når eg får andre til å bære dei skitne klærne til vaskerommet. Eg har ordna meg ein stol der, slik at eg kan sitte og sortere klærne, legge i maskina, flytte over i tørketrommelen og til slutt få nokon til å bære dei reine klærne opp igjen. (Jada, min indre pensjonist er tilstades)
  • eg går på butikken og kjøper eit rundstykke til lunsj. Det er akkurat passe tungt å bære heim igjen, og eg får rørt meg, frisk luft og avveksling. Når eg slår meg laus, kjøper eg med blåbær også. 
  • eg planlegg middag. Og lagar middag, eg må berre starte tidleg, og finne rettar som ikkje krever for mykje kutting og hakking, og som gjerne blir betre av å stå lenge og putre(mi indre husmor er på ferde). Evt fiskekaker på panna. Det kan heller ikkje vere element av tunge løft. Men denne veka har vi hatt fiskekaker, lasagne og suppe. No må eg snart skrive handleliste, og sende nokon ut og fylle på matlageret.
  • eg er meir enn vanleg aktiv på Instagram, Facebook og Twitter, der er det stort sett noko som skjer. 
  • eg ser ikkje tv på dagtid. Det er eigentleg ikkje noko prinsipp, men har du prøvd å sjå tv på dagtid? Det går ingenting!

...og innimellom kjedar eg meg likevel....

Og dette skulle eg eigentleg skrive ferdig før idag,  men så vart eg invitert med på lunsj på kafe. Eg rakk ikkje blogge, eg rakk ikkje kjede meg. Eg fekk testa formen, kjørte bil sjøl, gjekk ute mellom folk, og det gjekk BRA! Og det var så kjekt at eg gløymte å ta bildebevis også!

Så det går framover, eg må berre stoppe og kjenne etter. Eg veit at om nokre veker er verste over, eg blir spretten igjen til sommarferien ser det ut til. Eg er glad eg får tid til å bli frisk, at eg har fått operasjon. Eg prøvar å huske at ofte er det dagar utan planer eg drøymer om, og at eg skal nyte litt også, men så gløymer eg meg. Men no har eg iallfall laga ei liste som viser at eg gjer ein god del som eg syns er kjekt, og at eg igrunnen har det bra. Så OK, eg får prøve å huske det i morgon!

mandag 25. april 2016

Prolaps og litt postoperative tankar

Det vart operasjon! Men først var det meir venting, og litt neglebiting, for det var forsinking og øyeblikkeleg hjelp som naturlegvis må gå først, og ingen lovand om opersajon til oppsett tid, og eg hadde så lyst å bli ferdig! Men så vart det min tur! Hurra!
Eige rom, på med snertne sjukehusklær, lyseblått er ikkje mi farge, heller ikkje dei kvite støttestrømpene... Men alt kler den smukke!



Eit rom med utsikt

Nervane(ikkje isjiasnerven....) kom for fullt akkurat då eg vart trilla inn på operasjonsstova, og dei grønkledde byrja snakke og stikke og gje medisin og kom med oksygenmaska, men det gjekk såpass fort at plutseleg fekk eg beskjed om å vakne igjen. Eg huskar også i skodda at kirurgen sa "no er vi ferdige" og noko om at alt hadde gått etter planen, men særleg meir bevist var eg ikkje! Eg lurte meir på om det var verdt det, for så ille syns eg det er å vakne av narkose! (ikkje at alternativet er noko betre)

Det tok nokre timar å vakne heilt, og forma var ikkje tipptopp. Kvalm, tørr i munne og litt vondt. Men tilbake på rommet, og med litt drikke, medisin og besøk kjente eg meg iallfall betre. Eg var oppe og gjekk og det klarte eg fint.

Heldigvis eit flyktig bekjentskap

Neste morgon fekk eg ta på eigne klær, eg satt oppe og åt, eg trong ikkje hjelp til å gå(farvel til "prekestolen"!) og kjente meg, om ikkje heilt frisk, så iallfall på god veg! Eg hadde besøk av fysioterapeut, og har fått detaljert plan om korleis eg skal bevege meg dei neste 4 vekene, og kva eg ikkje skal gjere. Eg kan sjå på tømming av oppvaskmaskin som trim. Eg skal ikkje løfte tungt, men kan løfte lett mange gonger, altså kan eg henge opp klær. Legen var innom, med kjapp forklaring og sjukemelding. Sjukepleiarane var stadig innom, målte blodtrykk og temperatur og sjekka at alt var som det skulle. Og eg fekk vere der til mannen var ferdig på kurs før eg reiste heim.

Noko skjer med intimsfæren når ein er på sjukehus. Eg møtte dei samme folka på venterommet preoperasjonsdagen, opersjonsdagen og etterpå. Vi vart på ein måte litt kjente og første dagen snakkar ein om ufarlege ting, som været og ventetid. Eg veit ikkje kva dei heiter, ingenting om alder og stort sett ikkje kvar dei kjem frå. Eg veit berre såvidt kvifor dei var på samme avdeling som meg, eg veit meir om ventetid, undersøkingar og legar dei har snakka med. Men når ein møtes igjen etter operasjon, er det som å sjå gamle kjente! Ein deler ting som sjeldan er tema rundt lunsjbordet på jobb eller på kafebesøk. Eg veit mykje om andre sin kvalme, mengde og type smertestillande og korvidt dei har klart å gå på do, med eller utan hjelp. Komplikasjonar, kor lenge dei skal vere på sjukehuset og problem med å sove(dei veit naturlegvis det same om meg) Vi delte det som var naturleg, som aldri ville vore naturleg sin annan stad!  Godt ein ikkje skal vere så lenge på sjukehus! Og godt med enerom, slik at ein kan ta pauser frå diskusjonane...

Eg kom heim dagen etter opersjon, det er best heime! (sjølv om eg saknar ringeknappen og nokon å spørje, for det er lett å kome på spørsmål når ein er vel heime...) Eiga seng, ønskemat(feks sto 18åringen opp og laga frukost til meg på laurdag, utan å bli spurt! Han berre lurte på om eg ville ha omelett eller kokt egg.) Eg får naturleg trim i trappa, eg kan veksle mellom å ligge på stova, tvstova og senga, og det er greit, sidan eg skal ligge minst 4 gonger pr dag og minst 30 minutt kvar gong dei neste 4 vekene. Det er flerie tv-kanalar og eg trenar med å sette inn i og ta ut av oppvaskmaskina. Eg kan gå ein liten tur i frisk luft og lufte tankane og røre musklane.
Sofautsikt

Turterreng


Laurdagsfrukost
No håpar eg berre på sol og litt varme, slik at det er lett å kome seg ut på små turar dei neste vekene! Eg les bøker, aviser, løser kryssord og ser tv, men det er greit å få rørt seg litt innimellom.

Vekestart veke 17

Eit lite livsteikn. Det skal komme eit innlegg om operasjon og postoperativt liv, for der har eg gjort meg nokre tankar om intimsoner og slikt,  men no er eg berre innom og seier "Hei måndag".

Eg starta dagen litt optimistisk, og tok det som eit teikn då dette sto på teposen min... "Erfaring vil gi deg visdom"... jaja. Eg åt frukosten min, og la meg på sofaen.  No skal eg gå ein tur I sola og kvile meir etterpå!

onsdag 20. april 2016

Dagen før dagen

Idag har eg brukt det meste av dagen på eit venterom på sjukehuset. Informasjonsskrivet som eg fekk på førehand snakka sant; "Du må regne med en del ventetid denne dagen". Eg stilte førebudd, og hadde med mobil, nettbrett, bok og blad med kryssord. Eg hadde med drikke og matpakke og litt mørk sjokolade og blåbær.



Kva som skjedde slik innimellom ventinga? Eg har snakka med ein sjukepleiar og ein sjukepleiestudent. Dei har informert, fyllt ut skjema og tatt blodprøver. Eg har snakka med ein forskningssjukepleiar, som tok fleire blodprøver. Eg har snakka med ein lege, som sjekka refleksar og at eg kan gå på tærne og på hælane. Han konkluderte med at operasjon er tingen for meg. (Det har vore mitt hemmelege mareritt, at dei idag skulle oppdage at det ikkje var grunn til operasjon likevel. At det var gjort ein feil ein eller annan stad, men slik var det heldigvis ikkje)
Eg har snakka med anestesilegen, og vist at eg er flink til å gape opp og kan bøye hodet bakover, det er vel igrunnen så lang tid den undersøkinga tok. Og eg har snakka med kirurgen, i følge han er dette eit kjapt og greit inngrep. Og det kan jo han seie, som gjer det stadig vekk(eg har forresten vore med på det både i 2004 og 2006, men eg sov meg gjennom det då også)
Og eg har tatt fleire blodprøver, og kjem truleg til å sjå ut som eit blått fargekart i morgon... Eg har fått oppmøtetidspunkt, eg har fått dusjinstruksjon og ei sprøyte til å sette i kveld.



Og vips hadde det gått 4 timar!
No skal eg kose meg i kveld, og drikke masse vatn, medan eg enno kan, for det er faste frå midnatt!
Og så satsar vi på at i løpet av i morgon blir ryggen mykje betre!

tirsdag 19. april 2016

Vekestart veke 16

Tirsdag. Jazzband som øver i kjellaren. Nybakte brød på benken. Alt metall-, glas- og plastsøppel er sortert og levert på rett stad. Alle reine klær er bretta. Vi har hatt røkt torsk med gulrotstuing til middag. Eg har fyllt ut mykje papir. Eg har lese avisa ganske grundig.

I morgon skal eg på forundersøking til operasjon. Det kan ha noko med det å gjere...



Omtrent til ein slikt venterom skal eg i morgon.

Dryssa stjerner

Når ei solstråle ligg att og brenn i oss.
Når ein heilt vanleg gråversdag har
stjerner over seg. Når nokon har sett at
vi er til.
Kanskje var det berre i forbifarten. I
travelheten. Eit uventa smil, ein open
varme. Kanskje var det ein omfamnelse,
kanskje berre eit sekunds stogg. Nokon
som hugsa noko godt, og takka. Nokon
som rørte ved oss, kanskje ubevisst.
Vi kjende oss famna inn, kjende oss
overdryssa av varme. Våga sleppa gleda
eit ørlite steg lenger fram. Våga kanskje
sjølv dryssa stjerner, dela ut varme gje
smil, røra ved...
Måtte vi nøra elden i kvarandre.

Bente Bratlund Mæland


Eg lovar å gje lyd frå neg igjen snart, ha ei fin veke! 


lørdag 16. april 2016

Laurdag

Endeleg laurdag!
Eg har vore i Lier på kurs om hørsel, utrulig bra og veldig slitsomt. 3 dagar fullpakket med interessant program, utfordringar og felleskap.  Eg fekk heldigvis til eit triveleg kafébesøk med ei god venninne ein kveld, men elles har eg brukt 'fritida' til å sitte I ein stol på hotellrommet(og å kjøpe kjole)
Då eg kom heim igår, bar det rett i  selskap.  Fine damer og god stemning!  (Og jammen fekk eg brukt litt nylært kunnskap frå kurset)

Då passar det bra med ein roleg dag idag. Mannen og sonen har tatt kvar sin bil til kvart sitt, og eg har pakka ut(som er det kjedelegaste eg veit), vaska badet og starta vaskemaskina. No har eg laga omelett med spinat og skinke, kokt ei kanne med resten av påsketeen og løser kryssord. HERLEG!

Og til veka blir det ryggoperasjon. Det er litt grugleding ...