Det er så godt når akkurat båtutsettet er over. Det er ein skummel dag, syns eg. Er alt i orden? Vil den flyte? Er båten tett etter vinteren? Vil motoren starte? Eit utall spørsmål! Og eg kan ikkje gjere noko med noko!
![]() |
| Totalt ubrukeleg admiral, men veldig dekorativ da! |
Lekk båt? Tja, den ville gått rett ned om eg hadde ansvaret. Motor som ikkje starter? Vi ville blitt liggande ved kai... Etc!
Hurra for mannen som held hodet kaldt og som kan fikse evt feil. Det var ingen feil! Båten var tett, motoren starta på første forsøk og vi fekk opp segla. Og vi var vener gjennom heile prosessen! (eg eg seier ingenting om korleis andre par oppførte seg)
![]() |
| Båten har funne plassen sin! |
No ligg båten på plassen sin, og med litt tilvenning, er eg nok klar for segling igjen eg og. Først skal det vaskast og ryddast og flyttast inn!







































