Men altså, eg er dobbeltmoralsk så det held, og sitt gjerne ute i sola og kjenner på varmen. Med litt ubehag i magen...
Skal vi sjå kva eg gjorde, i eit utval? Eit velfrisert utval, med stort sett sol, glade miner og mykje mat! Vit at ikkje alt vises på sosiale medier, slik også med mi påske!
Bytur. Nidelven og Nidarosdomen. |
Heimelaga påskepynt, klipt av svigermor |
Romsdalen hadde meir vår enn Trondheim. Det var kvitveis i alle skråningar |
Fjord og fjell. Eg hadde med ski, men brukte dei ikkje. Andre i familien sprang frå topp til topp, på tung og våt snø. Kvar si lyst! |
Kveldssol sett frå stova. |
Litt seinare på kvelden |
Heime! Det trygge fjellet, fjøs og uthus. Barndommens trygge hamn |
Den beste utsikta å kvile augene på! |
Har vi familieselskap, tøysar vi ikkje med kakebordet! |
For å snakke sant, må eg vise eit bilde av gråværet også. |
Og slik såg det ut då vi hadde pakka i bilen og skulle bruke 5 timar i bil... |
Og vel heime rakk vi nyte litt påskestemning, med påskelikjer frå svigermor og ein gammal duk, arva via via frå beatemor. |
Vi har møtt familie, vi har drukke brus i solveggen. Pappa (89) kunne kaste skjorta og sole seg. Vi har vore i stort familieselskap, kjent på det gode i å treffast, og det triste i at mamma ikkje var der. Vi har feira svoger, spela spel og sett bilder. Nokon har gått på ski, eg har ikkej gjort det, men fått gnagsår likevel. Vi har tatt bilder, av sol og familie og natur og regn. Vi har diskutert og prata tøv. Det var egg og bacon til frukost og lam til middag fleire dagar. Det vart nok kaker og potetgull og marsipan.
Kanskje på grunn av alt på jobb, varte påska lenge nok til at eg gledde meg til å komme tilbake på jobb og treffe kollegaer. Eg skal snart oppdatere deg på jobbjakt. Snart. Først skal eg finne ut kva som er passe måte å svette på no når det ikkje er skiføre lenger...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar