onsdag 13. mars 2019

Mars

Mars, vårmånad, snømånad, junior sin fødselsdag, av og til er det påske i mars.

Eg tenkte å vise deg nokre marsbilder frå dei åra eg har blogga!

2012

Eg var heilt ny på bloggarenaen. Eg prøvde meg fram. Og det var påske.




2013

Eg markerte 8.mars med å skrive litt om fine damer i livet mitt.

Mamma og meg i 1969

2014

Mars kom med snø i mars, dette året også. Eg reflekterte over snø vi likar, feks med sol og påskefjell, og snø vi ikkje likar, på vegane i mars.



2015 

Det er marspåske, og pynten kom fram. Eg har mykje påskepynt!




2016

Tulipanar! Eg må kjøpe ein bukett til helga, trur eg.



2017

Snø altså! Det er så fint!



2018

Dette bildet er på ingen måte frå i fjor! Men eg blir så glad av å sjå det! Og i morgon fyller den minste av desse to 21 år!



Og dette er berre nokre få glint frå blogginga mi. Når eg såg tilbake, oppdaga eg mykje eg ikkje huska. Trur eg må ta eit tilbakeblikk i april også.

mandag 4. mars 2019

Fine ting på ein blåmåndag

Idag er det blåmåndag, og det er ikkje berre i kalenderen det står. Det er litt vel blått over det heile om dagen. Då er det lurt å sjå seg om etter nokre ting som er greit, tross alt! (og nei, ting blir ikkje betre av å leike Pollyanna, men eg må avlede meg sjølv litt)


  • det er lyst når eg skal på jobb om morgonen! Og endå meir magisk: lyst når eg kjem heim!
  • vaskemaskina jobbar og jobbar, eg treng berre putte klær inn og trykke start. (men det strykeskapet har eg ikkje kjøpt enno, så litt arbeid er det)
  • eg har fått god tilbakemelding frå språkvask på jobbsøknaden, no er det berre å jobbe vidare og krysse fingrane...
  • mannen er tålmodig og høyrer på meg, forstår når han skal vere einig og nikkar til det eg seier. Så kan vi heller diskutere litt når eg har fått ut frustrasjonane og er meir lydhør (eg trur iallfall at eg kjem dit, ikkje spør han om det)
  • eg bakte bollar til fastelavnssøndag, og det vart så mange at eg har frysaren full! Kanskje blir det bollar i matpakka i morgon?


Pollyanna? Ukjent for deg? Eg las om denne utruleg positive jenta i barndommen, men det kan vere at boka ikkje er så fengande lenger?? Ho leika "vere glad"-leiken og fann dei mest uante kilder til glede. 
Frå Wikipedia:
Pollyanna er en roman fra 1913 av Eleanor H. Porter som handler om en pike som etter sin fars død må flytte inn hos sin velstående og meget strenge tante. Gjennom sin optimisme og ukuelige tro på andre menneskers gode hensikter, får hun ikke bare sin bitre tante, men hele byen, til å «tine opp».

lørdag 2. mars 2019

Screenshot

Tek du screenshot? Og kva tek du i så fall av?

Eg såg nokon som hadde laga eit blogginnlegg om screenshot som ho hadde på telefonen. God ide, tenkte eg, og no har eg sett litt kva eg hadde liggande på telefonen. Alt kan ikkje delast, forsåvidt, men her er eit glimt!



 Dikt! Eg tek skjermbilder av dikt på Facebook og Instagram, for å ha til seinare!



Niese med fjøsvakt sendte bilde av ein freidig liten sjarmør på frifot!


 Sa eg dikt? Alltid plass til fleire. Dette var så fint at eg sendte det til mannen også.


Svoger har fått ny jobb og er intervjua av Teknisk Ukeblad.


Endå eit dikt, altså! Kan beskrive litt av livet, det diktet der!


Mange skjermdumper har handla om jobb. Om eg trur på alt...tja...


Junior var på ferie i Italia, det kom bilder av fjell og ski og snø og blå himmel (det regna i Trondheim denne perioden...)


Og eg var på framsida av Adresseavisa...

fredag 1. mars 2019

Skiføre!

Det kom snø. Det vart snø i marka. Det vart køyrt løyper.

Oh lukke!!!
Etter jobb var eg kjapt heimom, skifta, tok med ski og stakk i marka.


Ei humpete veke på jobb. Det har vore møter, diskusjonar, forvirring, sinne, godt kollegaskap og vanleg jobb. Det er slitsomt, men snart fell dommen. Det krever si kvinne å stå i dette. Men det er ikkje noko val akkurat no. Nokon andre vel for meg at eg må endre jobbkurs, heilt utan at eg blir spurt. Eg må henge på...eg les stillingsannonser, skriv søknader, lurer på om jobben kan bli redda i 12.time og kva vil eg då?


Nettopp no og difor er det GULL og GLEDE  å kunne spenne på seg skia! Gå. Motbakkar (eg hatar motbakkar, men det er dei som er best) gode spor og friske nedoverbakkar. Få opp pulsen, kjenne at eg blir sliten og blir svett. Å gå er terapi! Berre prøv!


Nysnø på trea, kan det bli finare??

Og etterpå vart det fredagskveld saman med mannen, god middag, god tid og lave skuldre.


«Tap for all del ikke lysten til å gå: jeg går meg til det daglige velbefinnende hver dag og går fra enhver sykdom; jeg har gått meg til mine beste tanker og jeg kjenner ingen tanke så tung at man ikke kan gå fra den.» 
Søren Kierkegaard

torsdag 28. februar 2019

Det snør!

Blir det skiføre igjen?!
Eg treng noko snø å gå av meg diverse frustrasjon på.



Det ser lovande ut. Og snart er det helg.

mandag 25. februar 2019

Mors jazzpensjonat

Det er den tida på året at alle unge som driv med musikk søker mot byar med musikkutdanning og opptaksprøver. Det er muleg eg ikkje er i eit heilt vanleg miljø, slik sett, eg brukar gjere det overraskande godt i musikkquiz med jazzfokus, men eg kjenner mange som har meldt seg på opptaksprøve.


Då treng dei ei seng. Gjerne også nokon å snakke med,  litt trøst, oppmuntring etc. Men iallfall ei seng! Og tilgang på brød og kaffe. Og dusj. Senga er minst viktig. 
Slik var det ifjor.  Samme prosedyre i år. Men nye gjestar. I går kveld dirra huset av spenning. 

Dagens soloppgang. Fin start på dagen.

Og det var spenning i lufta i dag tidleg, folk sang skalaer på badet og på kjøkkenet. Korleis går det, kven går vidare. Eg var nervøs på alle sine vegne, og stressa av om dei ville rekke det. Eg meiner, når det er 45 minutt til oppmøte, dei enno ikkje har dukka opp til frukost og så skal ta buss til byen. Ja, buss forresten? Kvar går den, når går den, og treng vi 10 minutt gåtid i sentrum også!? Dei rakk det, naturlegvis, dette er unge menn med full oversikt. Kanskje.

Det trengs både trøst og hurrarop! Alt blir betre med sjokolade og kaffe. Konsentrerte unge menn med ei plan. Og latter og tull og tøv!
Dei er hyggelege! Ikkje minst! Då kan eg godt slenge ut ein middagsinvitasjon også, eller bake bollar. Dei sett inn i oppvaskmaskinen og tek ut. Dei dekker bordet, ryddar på stova og pratar med meg. 

Eg får innsikt i nye ting.
Og snublar i eit par tre saksofonist, gitarer og ein kontrabass... 


No er snart første dag over, og vi får vite kven som får vere med i morgon. Det er tøffe tak, også for den som står på sidalinja. Men først skal vi ete middag, det blir visst fullt hus og nokon har spurt om vi har endå ei ledig seng.

Så får vi ta listene etterkvart, og legge planer for morgondagen utfrå det. 

torsdag 21. februar 2019

Eg er her!

Livet er fult av overraskingar. Som å plutseleg få oppsigelsesvarsel. Eg er opptatt med heilt andre ting enn blogging for tida!

Det er mykje som skjer på jobb, og vi prøvar å kjempe for arbeidsplassen vår. Trur det er eit gode, tross alt, det betyr at vi bryr oss.



Eg har vore på framsida av Adresseavisa, det var jo ei ny oppleving. Vi snakkar kraftig ut av komfortsona! Og det viser seg at veldig mange les avisa! Eg har vore, og er, sur, sint, lei meg, forvirra, eg forstår nesten ikkje at dette skjer. Samtidig som eg veit at noko må skje! Heller ikkje i staten veks pengar på tre og kan plukkast etter behov.

Eg har for første gong i mitt liv sett overføring frå spørretimen på Stortinget, for på onsdag handla det mykje om min jobb. Plutseleg var det interessant med politikk!

Så eg går mykje for tida. Går av meg stress og stive skuldre og trøtte tankar. Det virkar slik nokonlunde. Det er skiføre enno, det er godt!


Gult er kult!

Eg har strikka ferdig ein genser og starta på ein til. Eg gler meg over at musikkjunior er heime på vinterferie, og at han blir glad når eg testar ut vegetaroppskrifter. Berre sjekk ut denne grønnsakscurryen, kjempegod! Eg gler meg over at studentjunior snart er på heimlege trakter, mammahjertet likar å samle flokken sin!

Og eg gler meg over alle andre fine folk eg kjenner, som sender meldingar og ringer og bryr seg! Det er godt, det!