Har prøvd å samle høgdepunkt i ein kollasj, men alt blir ikkje med lell... Dei finaste bileta sitt på nethinna!
mandag 9. juli 2012
lørdag 7. juli 2012
Mat...
Litt om ting vi har ete på ferie:
Babyribs er vel omtrent det som vi kallar sparribs? Ser ut som enormt mykje mat, men det er mykje bein:) Blir servert med valgfri siiderett, feks cole slaw(kålsalat), som eg skal lage til grillmat neste gong eller potetmos eller bakt potet eller søtpotet eller... mange velg!
Pannekakefrukost høyrer med! Vi lagar det av og til heime, men iHOP er nok eksperten:)
Og subs har vi ete, baguett av ulik type med mykje godt pålegg.
Har prøvd å unngå frityrmat kvar dag, men det er ikkje berre enkelt, den er lett tilgjengeleg og billeg...
God mat er viktig på ferie, men så er det godt å kome heim til grovbrød igjen!
Hovudretten var reker med limesaus og mangochutney og kvitløkskrydra potetmos :)

| Vi åt stone crab claw(lokal krabbe i Florida) til forrett då vi var i Key West |
Hovudretten var reker med limesaus og mangochutney og kvitløkskrydra potetmos :)
| Key lime, er ikkje grøn slik som den vi brukar i Norge, blir brukt i Key lime pai som vi åt til dessert i Key West. Trur det er omtrent like mange oppskrifter som kokkare! |
Ferieinnspurt
Dei siste dagane vart tempoet litt lavare, temperaturen var ikkje lav, så litt bassengliv var feks godt! Og alle hadde vel litt vorte tøffare og flinkare i vatn i løpet av dagane med bading, så det var kjekt å øve litt til og vise fram kunstene.
På kvelden 4.juli var vi i Univesal studios og såg vasshow og fyrverkeri. Heilt anna enn 17.mai, men folkelivet var litt det samme(om ein ser vekk frå temperaturen og at det var mørkt)
Torsdag kveld hadde vi felles middag; 9 stk som har vore på tur 14 dagar og alle framleis vener og vel forlikte er vel verdt ein felles middag! Det var kjekt pg lettvint å reise saman med nokon med større lokalkunnskap enn oss!
På fredag reiste dei andre tidleg og vi var i Epcot-senteret til Disney. Der var vi mellom anna i den norske paviljongen og såg at dei hadde sjokolade og lefser til salgs, og høg viking- og bunadsfaktor. Det vart ikkje til at eg kjøpte meg hatt i "Mexiko", men den ville sikkert hjelpt mot sola?
Iallfall når du ser kor lite skugge Sverre kastar midt på dag!
No er vi vel heime igjen etter 18 timar på reise og lite søvn, så godt det er søndag i morgon så ein kan snu litt på døgnet før jobb på måndag. Huset er fullt av halvvegs tømte koffertar og vaskemaskina arbeider hardt med å ta unna, litt etter litt blir det kvardag!
På kvelden 4.juli var vi i Univesal studios og såg vasshow og fyrverkeri. Heilt anna enn 17.mai, men folkelivet var litt det samme(om ein ser vekk frå temperaturen og at det var mørkt)
Torsdag kveld hadde vi felles middag; 9 stk som har vore på tur 14 dagar og alle framleis vener og vel forlikte er vel verdt ein felles middag! Det var kjekt pg lettvint å reise saman med nokon med større lokalkunnskap enn oss!
På fredag reiste dei andre tidleg og vi var i Epcot-senteret til Disney. Der var vi mellom anna i den norske paviljongen og såg at dei hadde sjokolade og lefser til salgs, og høg viking- og bunadsfaktor. Det vart ikkje til at eg kjøpte meg hatt i "Mexiko", men den ville sikkert hjelpt mot sola?
Iallfall når du ser kor lite skugge Sverre kastar midt på dag!
| Framfor hovedattraksjonen i Epcot |
torsdag 5. juli 2012
Vegen til Key West
hadde truleg ikkje vorte bygd i dag! For eit byggverk, for ein ingeniørkunst! Det starta med jernbane! Langt ut i havet, små, smale øyer, så vart det veg.
| Solnedgangen på tur utover vart godt dokumenter! |
| Så vart det mørkt, ordentlig mørkt! |
| Vakre trær i Key West |
| Middag, med Stone crab, reker med lime og Key lime pie |
| Seven miles bridge, hav på alle kantar |
See you later, alligator!
Å, den overskrifta har eg venta på å bruke:) og no har eg sett alligator og syns den passa. Vi har vore på alligatorsafari inn i Everglades(som er ei elv som renn sakte... 1/4 miles pr dag. Kan nesten tru det berre er ei stilleståande myr)
Vi køyrte airboat, motor og propell over vatn. Det var som om vi skulle køyrt båt over myrane ved Litjevatnet, artig. Men alle alligatorane hadde gøymt seg i varmen, så dei såg vi ikkje før i kom til parken etterpå.Enkelte heldige fekk halde alligatorbaby også :)
Kvelden før sov vi ved Mexikogulfen, der var det strand og palmer og måne. Vi fekk bada og plukka skjell og vore litt luksusturistar.
På turen tilbake til Orlando såg vi denne bilen, noko for bilinteressert slekt?
Vi køyrte airboat, motor og propell over vatn. Det var som om vi skulle køyrt båt over myrane ved Litjevatnet, artig. Men alle alligatorane hadde gøymt seg i varmen, så dei såg vi ikkje før i kom til parken etterpå.Enkelte heldige fekk halde alligatorbaby også :)
På turen tilbake til Orlando såg vi denne bilen, noko for bilinteressert slekt?
mandag 2. juli 2012
Sommarsol
Det er varmare enn vanleg her, så då er det ikkje berre vi som syns det er varmt(ikkje så godt å vite for ein som innimellom trur 15gr er brukbar sommar) Sverre har idag fått frukosten han har drømt om sidan sist vi var i USA, pannekaker på iHOP(bildet over viser oss på veg til frukostplassen: palmer og hav). Etterpå har vi sett oss rundt i byen, vore i akvariet, sett mating av skate og hai, klappa ein babyhai og studert barcuda. Etterpå var vi på omvising i huset til Ernst Hemingway. Byen er spesiell for oss, lave trehus i alle regnbogens farger, mange ville passa rett inn i Kardemomme by. Plana for i kveld er å ete sjømat og Key lime pai. (key er forresten spansk for øy)
Glimt frå tidlegare:
| Framfor huset til Hemingway, kunne godt hatt eit slikt hus! |
| Kennedy Space center på laurdag |
| Ein ekte astronaut |
Sørover og vestover
Kjapp oppdatering uten bilder i kveld;
- laurdag reiste vi frå Orlando til Kennedy space center og lærte mykje om måneferdene, interessant og lærerikt! (og varmt)
- etterpå køyrde vi sørover, heilt på kysten, vassa i Atlanterhavet på Pelikan Beach og vart våte i bølgene før vi åt spareribs hos Woddy i Sebastian(ein liten by på kysten) Så køyrde vi vidare til Fort Lauderdale, der Margrethe og Michael heldigvis hadde sjekka inn før oss, så vi kunne berre legge oss.
- idag har vi først vore på stranda og bada og kosa oss, det var kilometervis med sandstrand ved Atlantern! Litt solbrente vart vi visst, for sola stekte og vi tenkte litt lite på å få solkrem overalt :) Vi får sjå om after-sun-solkrem hjelper!
- på ettermiddag sette vi oss i bilane og byrja kjøre til Key West, ei øyrekkje sør for Florida, nesten i Karibien. Når vi kjørte utover hadde vi Atlantern til venstre og Meksiko-gulfen til høgre. Her ser vi at vi får alfor lite tid, men er kjempefornøgde med det vi rekk! På vegen stoppa vi og såg sola gjekk ned i gulfen, vakkert.
- No er det straks natt og vi må planlegge morgondagen.
Abonner på:
Innlegg (Atom)