tirsdag 31. desember 2019

2019, på godt og vondt

Instagram laga ein årskavalkade over bilda mine som flest likte i 2019 for meg. Ikkje overraskande var det mykje solskinn, tur, båt, litt snø og tiara! Det var tross alt snakk om dei mest likte bilda mine!

Eg gjekk rekordmange skiturar! Vi hadde lang båtferie, i historisk godt vær. Eg var på ein skikkeleg lang fjelltur, så godt for humøret og sjølvtilliten (kroppen, og ryggen spesielt, virkar!).
Bildet oppe til venstre er utsikt frå barndomsheimen til mannen, og bildet i modten er barndommens utsikt for meg.

Men 2019 hadde fleire sider.
Det var det året då det skjedde ting eg aldri hadde trudd skulle skje, der det skjedde ting som var venta, men trist, og eit år med gode hendingar.

Tidleg på året forsto eg og kollegaene mine plutseleg at fast jobb i Staten, ikkje er så fast heller... Du kan bli sagt opp! Og det skjedde faktisk! Rett nok etter rundar fram og tilbake, vi ga oss ikkje utan kamp, og eg kom på framsida av Adresseavisen. Eg såg ikkje den komme...

Forsidepike

Samtidig vart mamma dårlegare, og sjølv om det ikkje var uventa, var det ein tung vår med mange Romsdalsturar før ho døydde i mars. Jula i fjor hadde vi saman med mamma og pappa, og det er fint å sjå tilbake på no. Men det var ein plass som var tom då vi feira pappa sin 90årsdag denne jula...

Eg og mamma
jula 1971

Og midt i dette las eg jobbannonser og søkte jobb! Eg var ikkje spesielt rutinert på søknadsskriving, og fekk heldigvis litt hjelp og rettleiing. Hurra for ein sjef som tenkte at ein bioingeniør med litt alternativ karriere kunne vere nyttig på St.Olavs og ga meg ein sjanse. Eg var ikkje dreven på jobbintervju heller, men no har eg vore gjennom fleire rundar, og startar 2020 med fast jobb som bioingeniør ved St.Olavs hospital!
Men det er ikkje berre-berre å få ny jobb, eg har måttet lære meg heilt nye ting og bli kjent i eit nytt arbeismiljø. Det tek si tid, og eg har ikkje kome i mål enno. Det er hol i kunnskapen om datasystem og rutiner, men det kjem seg litt etter litt. Lell må eg innrømme at eg lurer på når alt skal bli normalt igjen...


I haust tok eg ein etterlengta operasjon. Det var bra, bortsett frå at eg ikkje hadde tenkt på kor lang tid det ville ta å komme seg igjen... No er eg igang igjen, kroppen virkar og det er berre litt meir trening som skal til.

Og for ikkje å stivne heilt i gamle mønster og vaner(som om eg har vore i nærleiken av det), starta vi i kor i haust. Mannen og eg. Jada, eg har ikkje sunge i kor på 21 år, så det har vore litt bratt. Men det går seg til, det er ein fin ting å gjere saman med mannen og korsang skal vere bra for mangt.

(Bildet er tatt i ei pause på øvings-weekend med koret)

Så; 2019 har ikkje vore eit kjedeleg år. Heller litt i overkant spennande i perioder. Når ein ser tilbake har det meste løst seg, men det har vore mykje å ta unna innimellom. Eg satsar på at 2020 skal bli rolegare, iallfall slik i det store.

Godt nytt år!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar