fredag 28. juni 2019

26 år går fort no for tida!

Idag var altså dagen. Den siste arbeidsdagen. Eg har lagt inn timar i timeregistreringssystemet. Eg har lagt inn fråværsassistent for mailen. Innimellom har vi ete sjokolade og drukke te. Eg har sendt mail til kollegaene mine om at no tek eg ferie, og etter ferien kjem eg ikkje tilbake. Då er det ny jobb. Heldigvis er det ikkje "femti og ferdig".

Eg kom inn dørene 1.august 1993. Nyutdanna og naiv. Eg går ut at med mykje erfaring og kunnskap, og slett ikkje så naiv lenger. Det har skjedd mykje, både på jobb og privat desse åra. Eg kan meir fag, og eg kan meir om livet. Heldigvis! Eg har hatt mange gode kollegaer, vi har hatt faglege diskusjonar og djupe samtalar om livet. Og ikkje minst delt galgenhumor og frustrasjonar!

Tomt kontor

Takk for meg!
(Dette får vere ei symboldør, for dette er ikkje den eg gjekk inn
i 1993, og heller ikkje den eg gjekk ut idag...)

Snart er eg uvedkommande!

Eg har kjent på vemodet over å slutte. Eg har kjent på gleda over at no er det ferie! Eg har fått så mange godord, eg har fått klemmar, det har vore latter og tårar.

Då eg gjekk ut døra, vart det veldig klart for meg at no er ein epoke over. Eg har skrive om det her, vi har snakka om det på jobb, eg har snakka med mange om det. Men no var det heilt på ekte! Klump i halsen-ekte!


Regnvåt dame. Har lukka ei dør, opna ei ny til ferie.

Marikåpe med regndråpar

Vått, skittent, skodde.
Turvær! 
Så eg køyrte heim, skifta til turklær og gjekk ein lang tur i skogen!
I regnet. Eg såg fuglar, blomster, og lite utsikt, for skodda låg tett! Eg gjekk i gjørme og må vaske både sko og bukse. Eg kunne senke skuldrene og ta inn at no er det ferie! 5 veker, lite planer og forhåpentlegvis tid til å kjede seg? Lese bøker. Sole seg. Besøke folk, få besøk. Vi skal ha ein liten tur neste veke. Eg trur på overskot og lyst til å rydde i kjellaren, kanskje er det vel optimistisk? Båttur. Fjelltur. Familietreff.
Eg trur sommaren kan bli fin!

2 kommentarer: