Eg er ikkje ein ekte bloggar, det vil du snart forstå!
På fredag laga junior#1 wok til middag, med masse grønsaker og sterk saus. Utan at eg har bildebevis. Tabbe! Men det var godt!
Laurdag laga junior#2 andebryst i pannekaker, med agurk, vårløk og hoisin-saus. Vi vart meir enn mett! Bilde? Neida... (men du finn oppskrifta her Fake pekingand, namnet er mitt forslag altså)
Idag lagar mannen elgsteik med saus og blomkål og potet. Maten er enno ikkje servert, så det er mogeleg at det blir bildebevis. Dersom eg huskar det.
(slik går altså helga når mor seier ho ikkje orkar lage middag, tur eg skal fortsette med det! Og vi har ryddeaksjon i frysaren, så det meste er laga av ting vi hadde liggande. Heilt klart på tide med rydding)
Og det blir husmorpoeng til alle tre!
Så flinke dere er, alle sammen. Du som tar pause, de som tar vare på deg og regjerer på kjøkkenet. Jeg liker!!
SvarSlettIkkje så flink, meir at eg måtte... farta er snart tilbake.
SvarSlett