tirsdag 12. desember 2017

11. og 12.desember

Måndagen kom og forsvann. Eg fekk ikkje gjort alt så mykje av det eg hadde tenkt.

så har du
rause mandag
som velger 
å la de andre dagene 
få skinne

Trygve Skaug


Skumringstimen var fin, om ikkje anna.
Idag er det tirsdag, den har fungert betre! Eg har fått gjort både det eine og det andre etter jobb, eg har for eksempel sove bitte litt på sofaen, bakt lussekatter og stukke innom med middag til junior som gjekk rett på jobb frå eksamen. Vi har prøvesmakt lammerullen, god! Så god at eg fann det best å fryse den fortast mogeleg, for det er først til jul vi skal ete den. På julebrød...nam!

I morgon er det luciadagen. Det byrja vi å snakke om på jobb idag. Eg har skaffa meg nokre enkle, lekre plagg til bruk når vi trekkjer adventskalenderen. Og nokre meinte at i morgon må eg stille som Lucia. Vi får no sjå...
Juletrehatt er eit må-ha på kontoret i desse adventstider!

Men iallfall byrja eg tenkje tilbake til den gongen Lucia ikkje var ein kva som helst slags dag, men tvert i mot høgdepunktet i kniving om lyskransen for små jenter. Noko flottare enn lang, kvit kjole, glitter og lys er det jo nesten umuleg å sjå for seg! Men då eg gjekk i småskulen, var det berre å sjå langt etter å få gå først i Luciatoget. Det var ikkje plass bak Lucia heller. For dei som gjekk på ungdomsskulen, og var omtrent vaksne, hadde sangkor og gjekk i prosesjon på lysmessa i kyrkja. Sukk, vi små måtte berre sjå på! Eg huskar eg drøymte om kor bra det vart når eg fekk vere med i koret!
Kva som skjedde? Då eg nærma meg rett alder, la dei ned koret og endra prosedyren! Er slikt eigentleg lov? No var det plutseleg dei minste som skulle gå Lucia, og eg var av dei store. Skuffelse! Eg vart minnt på dette for nokre veker sidan, då eg møtte ei som huska kor stas det var å synge i det koret og få gå Luciatog på lysmessa. Jada, eg vart brått 10 år og urettferdig behandla igjen! (eg har fått gått luciatog seinare i livet, huskar ikkje om eg har fått vere Lucia, men eg har hatt kvit kjole og glitter og sunge!)

Det hjelper med eige Luciatog!

Små, men syng av full hals!

Men i morgon er det Lucia igjen, det er sikkert utallege spente Luciaer rundt om, små jenter som får gå saman med Lucia og små stjernegutar som ikkje er så ivrige etter å kle seg i kvit kjole og få glitter i håret. Og det er spente foreldre, med kamera klart og tårer i augekroken.
Eg har ikkje stjernegutar i heimen lenger. Men eg har mitt eige vesle  fleire små Luciatog, som skal pynte opp i morgon. Det er tradisjon! Og det blir lussekattar til frukost!

Og ute dalar julesnøen ned. Det er kanskje optimistisk å tru den har kome for å bli til over jul, men det er LOV å håpe!

Snøvær i lyset frå gatelyktene

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar