tirsdag 30. august 2016

Vekestart veke 35

Eg åt ei blåbær i skogen her ein dag. Eg plukka berre ei regnvåt, stor, litt overmoden bær ved stien og putta i munnen. Den smakte ... barndom!

Den smakte som dei blåbæra eg brukte plukke når vi gjekk til hytta på fredagsettermiddagane i august. Då eg var kanskje 9 år, og bar min eigen sekk med klær, heilt sikkert laurdagsgodteriet og kanskje ei pakke pølser og eit brød. Mamma bar meir og pappa bar tyngst, kanskje han også måtte ta lillesøster på skuldrene i tillegg til sekken. Vi gjekk når pappa var ferdig på jobb, vi skulle fram på hytta i helga. Noko skulle snekrast, vi skulle sette garn og det var helg. Det var augustluft og det kom dugg i graset. Stien gjekk over myra. Eg vart skitten på buksa av myr, kanskje våt oppi støvlane, fordi eg ikkje greidde å hoppe heilt over myrhola, men landa midt i. Det lukta myr og skog og bær! Ofte fekk eg regn i håret. Langt framme såg vi vatnet, kanskje møtte vi andre hyttefolk? Kvelden ville bli mørk, og det ville vere litt skummelt å gå og pusse tenner og gå inn på utedoen. Men mørke kveldar gir godt fiske, så det var godt håp om steikt fisk til middag!


Alt dette var samla i den blåbæra eg plukka her ein dag!

På desse myrene veks det bær -og ein
kan trakke over støvlane...
Det er mykje minner i smak og lukt, eg kan bli flytta til ein heilt annan stad og ei anna tid av lukt og smak! Har du det slik?

Ute regnar det, det er mange tankar i hovudet mitt.
Eg gler meg veldig til helga, då kjem junior heim på første perm frå militæret! Eg har tenkt mykje på han og korleis han har det. No skal han få nybakt brød og mykje søvn.
Eg bekymrar meg over ting eg ikkje kan vere meir enn ein tilskodar til, slikt tek energi.
Eg trur vi treng eit trøstedikt!

jeg skal holde deg til du sovner
hva om jeg ikke sovner?
jeg skal holde deg
Nils Øivind Haagensen

Ha ei fin veke!


2 kommentarer:

  1. Så kjekt det blir å få junior hjem igjen. Kan tenke meg han gleder seg like mye! Stor klem, fine du!

    SvarSlett