Kva kan ein skrive i ein blogg? Og kva vil
ein skrive? Eg funderar litt, av og til(eller eigentleg oftast) det skjer ting eg ikkje deler,
som ville vore heilt uaktuelt å nemne eller som er for kjedeleg/normalt/uinteressant å dele. Så skjer det ting som kan
skrivast om, og då skriv eg litt om, slik at det skal vere greit for dei
som er omtala, og så skjer det ting eg vil skrive om, men som eg
lurer på korleis eg skal skrive om. Som no.
Sidan sist har eg fått konstatert
veldig nedsett hørsel på venstre øre. Det kom brått. Eg vakna ein
morgon og alt hadde endra seg, høreapparatet ga inga hjelp lenger og
tinnitusen(øresusen) hadde auka. Først gjorde eg ingenting med det, vi skulle på biltur til Sverige, eg hadde ferie og ikkje tid til slikt. På den turen deltok eg i for mange samtalar av typer "God dag, mann. Økseskaft" til at eg kunne oversjå det. (Eventyret kan du lese her God dag, mann!) Enkelte sukka "maaamma" oppgitt, eg høyrte det ikkje. Så vel tilbake bestilte eg hørselstest. Mest for å få bekrefta eit eller anna uskuldig.
Eg har brukt høreapparat i fleire år
(Hæ, eg høyrer ikkje) Det har vorte ein del av meg, eg har passa at eg har hatt mange batteri på lager, eg tek på høreappartet om morgonen og kjenner
meg litt naken utan. Eg tek det av det siste eg gjer om kvelden. Eg har
fortalt om min dårlege hørsel, har tenkt at det kan vere mi
oppgåve, å vise at det er greit å bruke høreapparat.
Min trufaste favorittdings dei siste åra |
Det gjekk ikkje som planlagt(mi planlegging altså) hos audiografen, som sendte meg vidare til ørenesehals-lege. Audiografen lurte faktisk på om utstyret i det heile virka...
Hos legen vart det bekrefta, eg høyrer lite på venstre øre. Fallet frå sist test er dramatisk. (Ein må ha litt å le av: Legen undersøkte ørene, som forventa. Då han hadde stappa eit eller anna instrument inn i det gode øret mitt, byrja han spørje, eg veit ikkje om kva. For eg måtte seie som sant var, at no høyrte eg ingenting, sidan han hadde blokkert den gode øra. Det kunne han forstå, og vi lo litt midt i alt)
No kan eg få litt lyst til å dra dyna over hovudet
og sove vidare! Eg hører nesten ingen ting på venstre øre.
Spesialisten sa dei orda ein ikkje vil høre «eg kan ikkje hjelpe
deg, det må undersøkast vidare". Eg googlar symptom og lærer mykje skummelt.Eg innser at
det ikkje er lurt å google! Det er ei klaustrofobisk kjensle å føle seg døv. Sjølv om det berre er på eine øret. Eg passar på kva side som
vender mot den eg snakkar med, eg prøvar unngå bakgrunnsstøy,
musikk på kafe er vanskeleg. Å oppdage at nokon snakkar til meg
utan at eg er førebudd tek tid, eg framstår nok som litt overlegen,
utan å ville det. Eg blir bekymra for om det gode øret vil bli
ramma...
No ventar eg, på nye undersøkingar,
meir utredning. Eg øver på å fokusere vekk frå øresusen. Eg
høyrer radio, eg går tur, eg prøvar sove nok(men det er ikkje lett,
for på natta er øresusen sterkast. Heldigvis har eg ei pute med innebygde høgtalarar som spelar bølgesus eller fuglekvitter eller noko heilt anna) Eg les bøker, ser tv, er
sosial, er sjukmeldt og prøvar venne meg til endringa i livet. Det er upraktisk med dårleg hørsel, men ikkje farleg. Og eg trur på å fortelje og snakke om det.
Eg er optimist, eg trur eg vil få
hjelp, eg trur det skal bli greit, men det er ein overgang!!!
Diktet må jo berre handle om ører
denne gongen!!!
SI MEG – HVA
bruker han
det døve øret
til?
Det døve øret?
Ja, det døve
øret.
Nåh - DET DØVE ØRET, det
bruker han
til å høre med.
Jan Erik Vold
Ønskjer deg ei strålande veke, med eller utan god hørsel!
Eg skal bruke det (nesten) døve øret mitt så godt eg kan. Eg skal få med meg flerie solnedgangar, nyte resten av sommaren, tross alt!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar