Hurra, november er over og det er DESEMBER, det er fritt fram for lilla dukar og lys, det er lov å smake på pepparkaker og julekrybba skal fyllast opp, dag for dag! Og julemusikk! Det kan visst bli for mykje for enkelte andre i familien, når eg har full gjennomgang av julemusikken og nyt amerikansk sviskemusikk med glitter og sukker på. No har eg fyllt opp Ipod´n med julemusikk og tek den med meg til Oslo.
Igår vart eg redd eg var ramma av ein eller annan snikande sjukdom, berre høyr: Eg hadde fått adventspynten og alle typer lys ned frå loftet; stjerner og kuler og blinkande lys. Pynten låg sirleg i ei kasse merka "Advent", det er ei fryd etter alle år før når eg har måtte gå gjennom alle kassene med julepynt og rot, for å finne krybba og englane etc. Eg skulle til å henge opp stjerna, då det plutseleg gjekk opp for meg:"eg må vaske vindua før eg kan henge opp noko stjerne! Den vil jo knapt visast frå ute dersom eg ikkje tek grep og vaskar!" Før fornuften og andre refleksar slo til, var eg igang med vindusvaske-mikrofiberklutane(jada, eg har eigne klutar til å vaske vindu med, denne sjukdommen kan ha kome snikande over tid) mine og vaska, ikkje berre der stjerna skulle opp, men alle vindu på begge stovene, kjøkkenet, gangen og glasa i ytterdørene! Eg vart litt paff over meg sjølv, og særleg då eg i tillegg tenkte at "dette vart jammen fint!" Eg som alltid hevdar at eg trivst godt med rot, eg berre snur ryggen til, eg vaskar når det verkeleg visest at det trengs…
 |
Legg merke til dei blanke flatene bak stjerna! |
Men så såg eg meg rundt, og såg at det meste var som vanleg! Bob Willy og dei andre hybelkaninane hadde fest i trappa, kolonien med brødsmular under kjøkkenbordet verka til å trivest og inviterer gjerne fleire(husrom og hjarterom, veit du…) Alt dette trass nyvaska vindu…og kjøkkenbenken var full av ting som var rydda bort for å få plass til adventspynten og skitne koppar som ikkje kunne inn i oppvaskmaskina sidan den var full av reine. Eg har ingen snikande rydde-og-vaksesjukdom lell, alt er som normalt!
Det er flekkvis pynta til advent og andre områder med klart potensiale for forbetring. Akkurat slik det skal vere når det er lenge igjen til jul. Eg likar å pynte til advent, men det er til jul pynten skal fram for alvor!
 |
Stemningsfullt på bordet, så lenge det varer! |
 |
Den første figure, ein engel, er på plass i krybba. |
Krybba er eit prosjekt for seg, med allverdas figurar som puttast inn for at det skal bli 24 til slutt. Men det har vore tradisjon frå gutane var små, og høyrer med. Er litt spent på korleis det går no, når eg skal vere meir eller mindre i Oslo dei neste 14 dagene.
 |
1.søndag i advent (grønt bar frå furua Hilde velta for oss) |
 |
"Tusen lys" i kjøkkenglaskarmen(og jammer er ikkje fotografen også med på biletet) |
Så til vekestart; eg har fundert litt. Eg var i kyrkja i dag, og der song det mest sjarmerande barnekoret "Tenn lys" og det kunne passe perfekt. Samtidig har eg lese eit dikt på Facebook som fann vegen til hjartet mitt, så det må berre bli det idag. Det er eigentleg til ein 5åring, der er eg ikkje lenger, men eg vil gje tenåringane ei fin adventstid og gode minner og tradisjonar å ta med seg, det er litt det same.
Adventsdikt
til eit femårs barn
Førjuls
tid trør enno stilt i dørene her heime.
Eg
hentar fram frå skuff og skap dei same tinga,
år
for år.
Så
vart eg kan tar eg ei lita hand i mi og leier
små
tankar til eit ukjent land,
der
kvardagsrøynda teier.
For
det er Stillas veker no, når mørkret,
mjukt
og tett,
gjev
alt av ljos ein undrings glans
av
von og draum og lengt.
Du
vesle son, det eg ber fram til minnet ditt nett no
skal
vekse til ei handlings tru
når
du vert mann, ein gong.
Ingen
skal få øyde desse dagane, dei få.
Året
har så mange veker, der vi ikkje rår.
Som
eit ljosskip sigler huset, stilt og lett som snø.
Vi
to helgar no ei soge,
sidan
vel du sjølv.
Tone Ringen
Eg legg ikkje ut noko bilete av hybelkaninane, du får tru meg på mitt ord, dei er her!