torsdag 7. november 2013

Hybellivet(og ein novembersmell)

Korleis er det å bu på "hybel"?(eg skryt på meg meir kumerlege forhald enn sant er, det er ei lita leiligheit, mykje større enn hybelen eg budde på i dei harde studiedagene!)
Jotakk, eg let meg overraske over kor godt det er å kome heim til "mi" stove etter jobb, kor godt det er at det er stille, at det ikkje er ein einaste haug med klær som skal vaskast eller brettast, eg kan vere egoist etter å ha jobba med ting på ein ukjent plass. Samtidig er det litt vel stille, ingen tenåringssoner som lurer på kva som er til middag og ingen ektemann som snorkar. (Men eg har ein nabo likar å synge, gjerne seint på kvelden, idag trur eg han hadde selskap av nokon på blokkfløyte også...)
Og apropos middag, det blir litt enkelt... Eg gler meg over mddagsinvitasjonar, og lever ellers på ferdigmat. Pytt, det er berre for nokre dagar!
Eg gjekk forresten på ein novembersmell idag... Forkjøla og sliten gjekk eg på butikken for å kjøpe sushi, og kom ut igjen med kakemenn i tillegg. Ikkje var dei spesielt gode heller, tørre og litt kunstige i smak. Skal ikkje gjenta seg!
Eg har vore på adventskalenderpresangjakt, men eg er mykje betre på å finne ting til meg sjøl. Spørs om det blir sjokolade?

Reknar med dette er ein slags koblingsbok, med hjerte! Slikt ein ser når ein går til jobb.

Eit forsøk på å pynte på sanninga, her er det berre sunne saker!

Morgonstemning på Adamsstua.


4 kommentarer:

  1. Hehe, men sjokolade er jo veldig sunt for sjela.. ;)

    SvarSlett
  2. Hei! Koselig å titte innom deg igjen; jeg har ikke altfor mye tid til blogglesning om dagen men tar meg en liten oppsummering i ny og ne :-) Hybel kan være koselig det, selv med tre små barn. Vi leier en leilighet her i Cambridge på 58 kvm. Vi har måttet kvitte oss med alt vi ikke trenger, og leier møblert dette året. En god erfaring at man ikke trenger hus, dobbelgarasje og hytte for å ha det bra. Til og med bil klarer vi oss uten! Hvem skulle trodd det... ;-) Ønsker deg en fin helg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Trur hybellivet ville vore kjekkare med mannen(og tenåringane) :) Men det å få tid for seg sjølv, er fint. No er eg heime med mann og barn igjen, det er stas! Men min indre hamster hadde sikkert hatt veldig godt av å krympe lageret av ting som samlar seg opp, har budd 18 år i samme hus, som vi til og med har bygd på... God helg! Håpar det går bra med hånda!

      Slett