torsdag 28. november 2013

Her går alt etter planen, ja...

Om eg held meg til november-parolen min, "Ikkje jul i november!"? Så klart!
Eg held fana høgt og har god moral, og kjører stramt fram mot desember. Eg har vaska advenstdukane, denne gongen fann eg dei(dei låg trygt i skittentøysdunken for finvask, der har dei ligge sidan sist desember...) Eg har ikkje pynta, men eg har kjøpt sviblar og amaryllis som står kaldt enno. Det kan ha kome fram nokre lyslenker som ligg i ei nisje, men det er berre fordi vi hadde eit selskap på laurdag som var!


At eg har kjøpt det søtaste og nettaste av alle luciatog eg nokon gong har sett, medan det enno er november har med heilt ingen ting med sprekk i opplegget å gjere! Høyr berre her:

  • November er ganske mørk, og det har vore veldig dårleg vær dei siste dagane, så ille at det har vore hovudtema på lokalsendingane til NRK P1 på radio. Både sørgåande og nordgåande hurtigrute, som nok ikkje var så hurtige lell idag, vart intervjua fordi dei var værfaste like uti fjorden her, medan eg var på veg til tannlegen idag tidleg.
  • Tannlegen, ja! Etter fleire trivelege og greie besøk hos tannlegen i august (les gjerne meir her "Krone på verket")som endte med tom lommebok og ei fin krone, har eg vore der utallege gonger i november for å finne ut av kvifor det ikkje vart bra lell... og idag var siste runde, og eg fekk på ny krone, i porselen. (sist eg var der tok det lang tid, mykje bedøvelse og noko som høyrtest ut som vinkelslipar for å fjerne den gamle krona...den gongen fekk eg rett nok eit lykketroll av tannlegen for innsatsen, men...lykketroll til adventspynt? Trur ikkje det!)
  • Eg reiser stadig vekk til Oslo i haust og det treng eg jammen belønning for! Og dei beste belønningane er dei ein kjøper sjølv(eller naturlegvis finn på sjølv! Det treng jo ikkje koste pengar, sjølv om det gjorde det akkurat denne gongen)
  • Når eg kjem tilbake frå Oslo er det faktisk Luciadagen, og det skulle tatt seg ut om vi ikkje hadde Luciatoget klart! (no har vi eit anna Luciatog, kjøpt før ein gong, men det er ei heilt anna sak som ikkje må bandast inn i utider) I verste fall måtte eg sjølv trekt i nattkjolen etter gamletante og sett lyskrans på hovudet og vekt resten av husstanden med liflig sang! Kanskje noko å tenkje på lell... :) Eg har safran innkjøpt i Nice, så det må iallfall bli lussekattar. Då må eg ha noko å sette stemninga med, og kva er betre enn eit luciatog?
    Denne gjengen ligg på loftet, enno, men i helga skal dei få sjå lyset!
  • Eg fortente rett og slett premie sidan eg igår fekk kjøpt inn og pakka og merka juelgåver til søsken og tantebarn. Vi snakkar 20 gåver, som no ligg klar for utdeling og juleglede! Det skulle berre mangle at ikkje eg skulle få noko også! (At den første timen av shoppinga igår handla om meg, og ikkje gåveinnkjøp, er noko vi ikkje har tid eller interesse av å drøfte her)
  • Eg har måtte levere inn høreapparatet for reperasjon, og lever eit liv i øresus og dus om dagane, noko som kan gjere dagen lysare er berre rett og rimeleg! Eg kjenner eg gler meg veldig til å få det att, for det er betre med enn utan!

Er dei ikkje dei søtaste!? Og bittesmå ;)
Neida, så eg ligg ikkje flat fordi eg har kjøpt noko eg har sagt at eg ikkje skulle kjøpe!

Helsing dronninga av bortforklaringar!
(No gler eg meg til å ta fram kassene med julepynt! Eg skal sette fram adventspynten på laurdag, høyre julemusikk, kanskje bake litt, nyte helga, før turen går til Oslo tidleg på måndag morgon)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar