søndag 20. oktober 2013

Tanta som forsvann

Eg har mange tanter.

Ei av dei lever ikkje lenger.
Ho var eldst i sin søskenflokk, fødd i Amerika og hadde eit litt eksotisk namn. Eg fekk spørsmål som "heiter tanta di verkeleg det?!" Ja , sa eg stolt, eg syns det var litt tøft. Ho var ei kunstnarsjel, hadde meiningar om mangt, gjekk snekkarkurs for damer og kurs i rosemåling. Eg fekk ei kiste ho hadde snekra, vi har nøklane våre i ei skål ho har rosemåla. Ho hadde veggane fulle av bilete ho hadde måla, dei hang tett. Eg drøymte om å bli like flink som henne, eg huskar særleg kopien ho hadde laga av Munch sitt bilete "Pikene på broen". Ho sydde klær, eg fekk mitt første fotside skjørt av henne. Finare enn då har eg nesten aldri vore. Ho kunne vere ein virvelvind når ho kom på besøk! Den første gongen eg åt pizza, var det ho som hadde laga den og tok den med på besøk til oss. Ho hekla den lekraste turkise kåpa med gullknappar til meg.


Ny kåpe! Vi snakkar minimote!
Ho var fadderen min, og skjemte meg vekk etter notar! Eg fekk kome på besøk, både heime og på hytta. Eg fekk bestemme menyen, på hytta var det stekt fisk og kakevaflar. Eg fekk male og bileta vart hengt opp, eg laga perlesmykker som ho brukte, vi samla skattar i fjøra. Eg har det finaste, vesle bordet med stol til, som eg fekk til jul då eg var to år. Då var ho så ivrig sjølv at ho pakka det opp saman med meg tidleg på formiddagen. Ho tok meg med på martna. Eg fekk sukkerspinn og forundringspose. Men då eg ville på sirkus, sa ho nei (ho sendte istaden mannen saman med meg, og eg fekk ri på elefant)
Eg har arva middagstallerkenane hennar, og dei fine stettglasa, eg tenkjer på den ho var når eg brukar dei. Eg har eit bilete ho har måla. Eg tenkjer stadig på henne.

Men ettersom åra gjekk, vart det ikkje det same å kome på besøk til henne. Ho mista synet meir og meir, tempoet vart saktare. Det er jo ikkje rart når ein ser dårlegare? Så vart ho forundra når vi kom på besøk, kom vi heilt overraskande? Ho vart stillare, ho ville ikkje ha hjelp. Ho hadde ikkje mat i huset, men skulle snart ut og handle, naturlegvis. Etterkvart vart det tydeleg at ho ikkje huska så godt. Virvelvinden vart borte, forvirringa tok over meir og meir. Avtalar vart gløymt, julepynten var lagt på ein så lur stad at vi aldri greide finne den igjen. Å kjenne igjen folk vart vanskeleg, å bu åleine vart umogeleg. Tante vart borte, lenge før ho døydde.

Det var vondt og vanskeleg å sjå dette utvikle seg! Ein er hjelpelaus, sjølv om ein prøvar hjelper. Eg huskar tante både som virvelvinden som kunne fikse det meste og den gamle dama som var forvirra.


Det var berre det eg skulle seie idag, på TV-innsamingsdagen, der pengane går til demensforskning og -tiltak.


5 kommentarer:

  1. En fin fortelling...om en flott og sjenerøs tante!

    SvarSlett
  2. Det er fryktelig vondt å miste noen så sakte - og å savne noen lenge før de dør.

    SvarSlett
  3. Gåsehud! Takk for at du fant meg slik at jeg kunne finne deg! Vi er midt i dette nå med svigerfar. Takk for vakre ord, ikke minst at de er på mitt egentlige språk, nynorsk. Vakkert!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for fine ord! Det er ein skrekkeleg sjukdom! Valde å skrive om tante som er borte no, men vi har andre nært oss som er sjuke, og det er så vondt. (og nynorsk er hjertespråket mitt, men eg brukar det ikkje til dagleg lenger, men bloggen er heilt nynorsk)

      Slett