søndag 6. oktober 2013

20 år og like blid!

Denne veka er det 20 år sidan eg gifta meg med mannen!!!

Unge og fagre!      Foto: Håvard Tørring
Det var ein fin haustdag, med flotte farger i naturen og fin temperatur. Det seier vel sitt om brura at ho ikkje hadde tenkt på at det kunne bli dårleg vær? To dagar etterpå kom snøen, vi hadde bil utan varmeapparat og vinterdekk, så bryllaupsreisa gjekk mest mogeleg i lavlandet frå Romsdalen tilbake til Trondheim, og kjærleiken heldt oss varme(ok da, det var kaldt!!!) Det var litt spenning på førehand om brura ville komme seg opp kyrkjegolvet, sidan eg fekk eit skikkeleg hekseskot i ryggen nokre veker før den store dagen, men det gjekk faktisk bra, det også(mannen meinte at i verste fall fekk han trille meg i rullestol...vi slapp det!)

Dagen var fin, og eg kunne sagt mykje om den. Om ei stressa mor som gløymde bunadssølja i kyrkja, bløtkakekjolen, uvant mykje sminke, nervane i det vi gjekk inn i kyrkja, talane vi fekk, onkel som hadde tversover med blinkande lys. Maten, kakene, røsslyngen vi pynta med, dei fine gjestane. Ein sjarmerande, liten gjest som oppsummerte dagen slik: "de kyssa og bestemor datt"!
Men det viktigaste er lell dagane vi har hatt saman etterpå!

No har det gått 20 år, og når eg ser tilbake ser eg mangt og mykje. Jobb, huskjøp, utdanning, ungar, høg boligrente, sjukdom, doktorgrad, påbygg på huset, sorger og gleder, kvardag og fest; rett og slett livet! Det har vore hardt arbeid og planlegging, og gi og ta for begge. Å bygge ein heim saman er ikkje gjort på eit blunk! Men no har eg budd lengre saman med mannen enn "heime" hos mamma og pappa... Og det er her vi er saman som er heime, det har det vore lenge!

Vekas ord er frå meg til mannen, med hjelp frå Alf Prøysen.

Mitt hjerte er ditt


Kjærlighet kommer, og kjærlighet går.
Ingen veit vægen vi vandre.Men din vil je vara i dager og år.Je vil itte sjå på ændre.

Mitt hjerte er ditt, ditt hjerte er mitt.Og visa med seljelyd låter.Min glede er din, din glede er min.Og sorgen er min når du gråter.
Kjærlighetsrosa er frodig og sterk.Den kan få knopper og blømeKjærlighetsrosa er skaperens verk.Det skal vi æiller forgløme...
Mitt hjerte er ditt, ditt hjerte er mitt.Og visa med seljelyd låter.Min glede er din, din glede er min.Og sorgen er min når du gråter.Alf Prøysen
Ha ei strålande veke! (Vi skal på ei lita bryllaupsreise no, denne gongen med litt betre råd, lengre reise og forhåpentlegvis utan snø! Rapport kjem.)

4 kommentarer:

  1. Hjerteligste gratulasjoner på bryllupsdagen! :)
    Årene løper avgårde med oss alle, - fortere og fortere kan det virke som. Jeg syns det er rart å tenke på at i år er min eldste like gammel som jeg var da han ble født...
    Ha en god uke!

    SvarSlett
  2. Åh, gratulere så mye med dagen begge to ! 20 år står det stor respekt av .Du skriver så ekte og levende Kirsti at jeg både gråt og lo av detta stykket.Onkel med blinkende tversover hehe... for et syn for guder ! Kos dere på bryllupsreise <3

    SvarSlett
  3. Gratulerer så mye! Jeg bare titter innom og klikket meg litt rundt - håper ferien din er bra! 20 år er vel verdt en god feiring :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Kjekt du kikker innom! Ferien var veldig kjekk, det kommer ett innlegg om Nice snart.

      Slett