fredag 5. juli 2013

Veke 27

Oisann, kallar ikkje dette for vekestart, eg, sidan det allereie er fredag :)
Men nokre fine ord skal de få med inn i helga!!!


Det er den draumen me ber på
at noko vidunderleg skal skje,
at det må skje-
at tidi skal opna seg
at hjarta skal opna seg
at dører skal opna seg
at kjeldor skal springa-
at draumen skal opna seg
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein veg me ikkje har visst um.

-Olav H. Hauge-


Dette diktet heng på oppslagstavla mi, og eg les det for meg sjølv av og til. Noko å drøyme om og noko å håpe på, det treng vi alle!

God helg!
Og no har rosene sprunge ut, og luktar sommar og varme og gode tider!

2 kommentarer:

  1. Vakkert dikt. Minner meg om en periode i tenårene da jeg var veldig opptatt av poesi. Jeg misunte alle som snakket nynorsk, for det var de nynorske diktene som var finest :) Og dette var et av favorittene.
    Riktig god helg til deg også! Klem

    SvarSlett
    Svar
    1. Nynorsk er hjartespråket mitt! (men eg brukar det nesten berre på bloggen, dessverre...) God helg til deg, til no har eg stort sett ligge ute og lese aviser! Godt! Ladar batteria

      Slett