lørdag 20. juli 2013

Sykkelbyen København

Ein skal ikkje vere lenge i København før ein forstår at dette er ein sykkelby.


Åh, ønskjer meg noko slikt!

Sykkelparkering

Alle dei fine syklane...

Eg gløymr meg og ser meg for, men berre bilar, og hoppar stadig tilside for syklistane, som held trafikkreglane, syklar i sykkelfelt og stoppar for raudt lys.
Nesten alle har sykkelkorg, det er barneseter og store sykkelkasser på syklane og nesten ingen brukar hjelm. Alle syklar, uansett alder og kroppsfasong, det er for alle å sykle her(men dei har forhold til det, det er lite bratte bakkar her...)

Eg kjenner det rykkjer i sykkelfoten! Eg har kjøpt meg ny sykkelbjelle og kunstige blomster til å ha i sykkelkorga når eg kjem heim! Her skal det syklast!

1 kommentar:

  1. Nesten alle har sykkelkorg, det er barneseter og store sykkelkasser på syklane og nesten ingen brukar hjelm. Alle syklar, uansett alder og kroppsfasong, det er for alle å sykle her(men dei har forhold til det, det er lite bratte bakkar her...)

    SvarSlett