søndag 9. september 2012

I skuffer og skåp

Eg har vore innom det før, eg har eit velutvikla hamstergen! Og det virkar naturlegvis inn på korleis det ser ut i skuffer og skåp. Eg fann att ein kniv idag(vel, fann att...den låg plutseleg på plassen sin igjen, kvar den har vore og korleis den kom att er eit mysterium. Husnissen kanskje?) og kom samtidig på at eg har mykje rart :)


Gulrotkniv 
Ein eller annan gong fekk eg ein gulrotkniv, som eg med ironi og litt distanse har brukt. Gulrotkniv liksom, kva skulle eg med den? Skikkeleg husmorting. Men litt etter litt byrja eg bruke den, gulrøttene vart festleg stripa og smakte kanskje enno betre, og no når den har vore borte ei stund har eg sakna den! Men no skal det bli orden på gulrøttene igjen!

Kva er dette? (beklager bildekvaliteten)   

Eit eller anna ukeblad hadde ein gong ei spalte der dei spurte etter det merkelegaste kjøkkenredskapet folk hadde, og søstra mi meinte eg hadde noko av det raraste!
Dette er eit spesialrivjern for muskattnøtt! Eg trur eg har arva det, sikkert saman med noko anna, så huskar ikkje kvar det kjem frå, men at det er ein nyttig ting kan ingen kome frå! Alltid beredt til å rive muskattnøtt i kvitsausen!

Dette er ein ganske ny ting, som heile familien fekk i julegåve. Kakestikkepinne med litt ekstra fin utføring! Men den blir iallfall ikkje vekk i skuffa og er lett å bruke!

Dette er noko eg har kjøpt sjøl! Ikkje arva, ikkje funne, ikkje fått, men rett og slett investert sjøl. Maishaldar! Etter ferien i USA i sommar der eg åt maiskolbe titt og ofte, det er så godt, kom eg heim og fekk dilla på å grille mais. Men det er eit griseri å ete, og då eg fann desse(som forsåvidt kosta lite for 8 stk)slo eg til. Praktiske og artige:) Evetuelt skuffefyll, men dei er så små at det går bra!

Appelsinskrellar, eit must i ein kvar møblert heim! I samme stil som ein nøtteknekkar, og eg har sikkert fruktknivar i samme stil også, men dei er så vanlege at dei ikkje blir vist fram idag.


Kven har ikkje sakna ei trinse for å få samme storleik på sirupssnippane til jul? Kan sikkert brukast til hjortetakk også. Berre sei frå, så kan vi bake saman til jul.

Og til slutt eit fat, til å legge dei renska appelsinane på, eller sirupssnippane eller gulrøttene og maisen. Då eg fann det, syns eg det var så stygt at det var nesten fint:) No syns eg det er berre fint og brukar det med andakt og tenkjer på tante Marwild som hadde det på hytta si.

Ting er berre ting, men enkelte ting har meir sjel enn andre og fortener ein plass i sola på ein regnværssøndag!










4 kommentarer:

  1. Jeg kommer gjerne og baker snipp. Den snipptrinsa skulle jeg gjerne hatt! Min snipp blir litt rar i fasongen. Så kan du få oppskrift på Trysil-snipp av meg;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Jeg er ikke så god på sånn snippebaking, så vil gjerne ha selskap! Og vi kan spise appelsin og mais mens kakene steker:)

      Slett
  2. Her var det mye kjekke ting! Snipptrinse ønsker jeg meg også, men mor har minst ei, så det er nok håp... ;)

    SvarSlett
  3. Gulrotkniv, ja. Det har jeg og. Men jeg har en annen kniv etter min mormor, som skjærer så fint i tomat. Den har akkurat samme skaft som din gulrotkniv, og den er supergod!

    SvarSlett