søndag 23. september 2012

Duppeditter

Eg har lese ein stad at eig du meir enn 8 ting så eig tinga deg... eg trur eg ligg dårleg an! (og veit du kven som har sagt dette så fortel det gjerne til meg)
Eg har nettopp kjøpt meg ny mobiltelefon, sidan den gamle datt i golvet og knuste skjermen. No har eg kjøpt smarttelefon, og har spel og nett og kan ringe og sende sms og chatte og eg veit ikkje kva. Det tek si tid kan ein seie, kan vel nesten kalle det ein tidstjuv... Resten av familien plystrar meldingslyden støtt og stadig for å forvirre meg! Med rette... Der plystra det igjen, forresten.



Som eit ledd i datamaskinparkutvidinga i heimen har eg overtatt ein Mac. Det er ikkje berre enkelt for mor... Vurderar å skrive bok: "Mor har fått Mac", med undertekst sinne, frustrasjon og det er visst aldri for seint å lære. Godt eg har konsulentar i huset! Det er litt artig og, men når alt er litt endra og eg stadig  må tenkje litt ekstra krever det si dame. 

Legg til bildetekst
I sommar fekk eg Kindle, lesebrett fra amazon.com Eg får mykje trening i å lese engelsk, eg finn stadig bøker eg har lyst på og det er farleg lett å kjøpe bøker på nettet. No les eg "Winter of the world" av Ken Follett. Eg kosar meg med historier fra 1930talet både i Europa og USA, og det er ei tjukk bok(men Kindelen er lett å ta med)
 Eg har nye øretelefonar og då er det lettare å høyre musikk. Oppdagar at eg har mykje bra liggande:)

Og dette er berre dei tekniske tinga mine... Korleis eg skulle klart meg med berre 8 ting veit eg ikkje, og ikkje veit eg kva eg skulle hatt heller, men trur eg treng mine eigne reglar for bruk!
Ute held hausten på å nærme seg... Utsikta er frå kjøkkenvinduet, på taket har det vore is fleire gonger allereie og trea har byrja få haustfarger. Det er litt rart, sommaren gjekk så fort, men det er litt godt og. Det er tid for levande lys og innekos med pledd og varme supper.

1 kommentar:

  1. Jeg har hørt tre ting. Evt sju. Men det blir jo ikke bedre av det første... Så det er nok flere enn du som slit.
    Tror det er kinesisk ordtak, men er usikker.

    Ellers så ville du fått maaaange flere kommentarer om du tar bort den robotgreia. Jeg holdt på å bli sprø nå altså!!
    Jeg fjerna min. Men har moderering på eldre innlegg enn 14 dager eller noe sånn. Ble mye lettere da. Har ikke hatt noen problemer med det, bortsett fra en del spam, men de kommer jo i moderatorboksen som regel.

    SvarSlett