søndag 6. mai 2012

Mi royale fortid

Ser du for deg spennande avsløringar ala "Se og hør" må eg nok skuffe deg. Men eg har ei fortid som veldig kongeleg interessert. Eg elska å lese, eller kanskje mest kikke, i ukeblad og aviser når det sto om kongelege, og særleg om Märtha Louise og Haakon Magnus.
Kvar denne interessa kom frå er litt usikkert, men eg hadde god tilgang på ukeblad hos tanter. I tillegg følgde eg interessert med på tv når det var kongelege bryllup, feks då Diana gjekk opp kyrkjegolvet i marengskjolen sin! Sukk, det var ein kjole å drøyme seg inn i! Eg teikna kjole på kjole og kunne ikkje tru at moten ville endre seg før eg eventuellt skulle trenge sin brudekjole:) dette  var kjolen over alle kjolar!

No har Lillesøster rydda på loftet hos mamma og pappa, og kom med ei skatt til meg, frå mi mest aktive tid som royalist:
Teikne- og utklippsboka mi frå ca 1973

På framsida her ser de prinsesse Märtha Louise på sykkeltur, og at eg har fått denne boka frå bestemor og bestefar.
Det er mange skattar i denne boka, som er sterkt prega av min unge alder og mangel på lesekunnskap. Det er altså litt eksprimentell klippekunst og interessant liming...
Baby var stas, kongeleg baby endå meir!
Skrivetrening, og tape frå gamle daga som har farga av...
Gruppebilete frå Haakon Magnus sin dåp
Den dagen Haakon Magnus vart døpt, døpte eg forresten dukka mikjøpt i Italia, der mamma og pappa hadde vore på ferie), eit gult badehåndkle fungerte som dåpskjole, men eg hadde ikkje hatt... Det biletet trur eg ikkje blir offentleggjort!

Eg er framleis litt skaproyalist, sjølv om det går meir i rykk og napp.
På bryllupsdagen til Mette-Marit og Haakon hadde eg prinsesseselskap, alle gjestar måtte stille i galla og med ordensband! Og ingen protesterte:) Kjolen imponerte og det var klump i halsen under vielsen. Då arveprinsen i England gifta seg i fjor, fekk eg med meg mest mogeleg, sjølv om eg var på arbeid.

Eg likar framleis å følgje med, men er nok ikkje særleg oppdatert... Og utklippsbok har eg ikkje lenger...

3 kommentarer:

  1. Morsomt med den utklippsboka da!!! Jeg følger ikke så mye med, men bittelitt, og jeg må innrømme at jeg syns Märtha har stilt i en del lekre kjoler...

    SvarSlett
  2. Morsomt og finne slike ting fra barndommen. Så artig. Jeg fant bloggen din på bloggdame siden på facebook. Så at du hadde lest straffen - den holder jeg på med om kveldene nå så gleder meg til å lese ferdig. Første boken jeg leser i serien så da har jeg jo flere bøker åglede meg til.

    Ønsker deg en fin uke.

    SvarSlett
  3. Koseleg med besøk av "nye" ;) Eg skriv litt om kva eg les her, så det kjem nok fleire lesetips! Ha ein fin kveld!

    SvarSlett