Dagar kjem og dagar går. Kva skjer i livet?
17.mai var tidenes våtaste i Trøndelag, iallfall så lenge dei har hatt målingar. Men dagen var fin lell. Såg kjekkaste #femtenåringen gå i tog, vinka og snakka med mange, ropte hurra! På kvelden hadde vi besøk, samansett selskap med ulike nasjonalitetar, koldtbord med vegetarhensyn og speling av spel. Det vart liv og røre og god stemning:)
Vi har vore i familieselskap og kjent på gleda over å vere del av ein fin storfamilie: Det var liv og røre og eg fekk kose meg med vesle Hanne, som eg er gamaltante til.
Mann og barn har snekra terrasse, og eg satsar hardt på at det fine været som yr.no melder kjem!
Hodet er fullt av rare tankar, og eg er glad mannen, også kjent som jegeren, er ei klippe å støtte seg på!
Til veka skal junior ha eksamen, det er spennande for mor. Forar han med god litteratu, iallfall norsk krim, slik at han er nokonlunde førebudd til norsk.
Sjøl les eg akkurat no På direkten, norsk krim, passe på ein roleg søndag.
Ønskjer alle ei fin veke!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar