tirsdag 31. desember 2019

2019, på godt og vondt

Instagram laga ein årskavalkade over bilda mine som flest likte i 2019 for meg. Ikkje overraskande var det mykje solskinn, tur, båt, litt snø og tiara! Det var tross alt snakk om dei mest likte bilda mine!

Eg gjekk rekordmange skiturar! Vi hadde lang båtferie, i historisk godt vær. Eg var på ein skikkeleg lang fjelltur, så godt for humøret og sjølvtilliten (kroppen, og ryggen spesielt, virkar!).
Bildet oppe til venstre er utsikt frå barndomsheimen til mannen, og bildet i modten er barndommens utsikt for meg.

Men 2019 hadde fleire sider.
Det var det året då det skjedde ting eg aldri hadde trudd skulle skje, der det skjedde ting som var venta, men trist, og eit år med gode hendingar.

Tidleg på året forsto eg og kollegaene mine plutseleg at fast jobb i Staten, ikkje er så fast heller... Du kan bli sagt opp! Og det skjedde faktisk! Rett nok etter rundar fram og tilbake, vi ga oss ikkje utan kamp, og eg kom på framsida av Adresseavisen. Eg såg ikkje den komme...

Forsidepike

Samtidig vart mamma dårlegare, og sjølv om det ikkje var uventa, var det ein tung vår med mange Romsdalsturar før ho døydde i mars. Jula i fjor hadde vi saman med mamma og pappa, og det er fint å sjå tilbake på no. Men det var ein plass som var tom då vi feira pappa sin 90årsdag denne jula...

Eg og mamma
jula 1971

Og midt i dette las eg jobbannonser og søkte jobb! Eg var ikkje spesielt rutinert på søknadsskriving, og fekk heldigvis litt hjelp og rettleiing. Hurra for ein sjef som tenkte at ein bioingeniør med litt alternativ karriere kunne vere nyttig på St.Olavs og ga meg ein sjanse. Eg var ikkje dreven på jobbintervju heller, men no har eg vore gjennom fleire rundar, og startar 2020 med fast jobb som bioingeniør ved St.Olavs hospital!
Men det er ikkje berre-berre å få ny jobb, eg har måttet lære meg heilt nye ting og bli kjent i eit nytt arbeismiljø. Det tek si tid, og eg har ikkje kome i mål enno. Det er hol i kunnskapen om datasystem og rutiner, men det kjem seg litt etter litt. Lell må eg innrømme at eg lurer på når alt skal bli normalt igjen...


I haust tok eg ein etterlengta operasjon. Det var bra, bortsett frå at eg ikkje hadde tenkt på kor lang tid det ville ta å komme seg igjen... No er eg igang igjen, kroppen virkar og det er berre litt meir trening som skal til.

Og for ikkje å stivne heilt i gamle mønster og vaner(som om eg har vore i nærleiken av det), starta vi i kor i haust. Mannen og eg. Jada, eg har ikkje sunge i kor på 21 år, så det har vore litt bratt. Men det går seg til, det er ein fin ting å gjere saman med mannen og korsang skal vere bra for mangt.

(Bildet er tatt i ei pause på øvings-weekend med koret)

Så; 2019 har ikkje vore eit kjedeleg år. Heller litt i overkant spennande i perioder. Når ein ser tilbake har det meste løst seg, men det har vore mykje å ta unna innimellom. Eg satsar på at 2020 skal bli rolegare, iallfall slik i det store.

Godt nytt år!

mandag 30. desember 2019

Jul

Det er jul.
Dagane kjem og går, med sein frukost, nokre dagar med fullt hus, ein dag med lite program, biltur fram og tilbake over Dovrre, 90årsfeiring, nokre skiturar. Dagar med kulde og snø, gløgg varma på bålpanne, andre dagar med øsande regnvær og glattis. Kakeboksane er allereie tomme, men vi har mykje anna godt! Snart er det nyttårsaften.

Det har vore godt med fri frå jobb og rutiner, sjølv om det viser seg at det lagar seg klesvask i kjellaren og oppvaskmaskina jobbar doble skift.





søndag 22. desember 2019

Det blir nok jul

Alt tydet på at det blir jul, også i år, og utan at eg har oversikt.
Alle er heime, både han som til vanleg bur i Bergen, han som bur på hybel i byen og ikkje minst mannen som har vore i USA og reiste heim ein dag det var snøkaos på Gardermoen. Å vere saman er det viktigaste!

Idag har mann og soner vaska hus! Lukke og glede! Det meste er handla inn, av både mat og gåver. Dei fleste gåver har kome fram til mottakar, og vi har fått mange gåver levert på døra!

Det blir alltid kaos når ein startar å vaske og rydde...
Heldigvis går det over. Delvis...

Då eg var lita, var det juletrepynting på julaften. Eg tenkte aldri at det var seint eller at vi låg dårleg an, og eg trur mamma tok det ganske greit. Vi var ganske væravhengige, sidan pappa kjørte brøytebil, og var det dårleg vær, var han borte heile eller deler av dagen. Tanter og onklar kom alltid innom på julaften, og det var stas! Det var prøvesmaking av julemat, og kanskje ei ekstra gåve eg kunne åpne tidleg?!
Den eine tanta mi ser du på bildet under, med kåpe og hatt! Medan ho pakkar ut og viser oss julegåvene frå henne. Eg står i ruta, heimesydd buksedress, storebror er i (nokså sikkert nystrikka) kofte og mamma står med ryggen til fotografen og ser på.
Dette var typisk tante! Ho hadde det alltid travelt, var kjempespent på gåvene ho skulle gi og ville vise dei fram fortast råd! Lurer på om det var dette året eg fekk bord og stol? (ja, eg veit det, eg var nok vekkskjemt og fekk mykje fint! Bordet og stolen har eg enno, og det er i bruk!)
Foto av foto frå album

Idag har søstra mi vore innom for julegåvebytting, og spørsmålet eg fekk var om det passa med eit "kåpebesøk", altså stikke innom i full fart og sitte med kåpa på under heile besøket. Klart det passa! Men når ho fekk tilbod om loff med tomatsild og ein kopp te, vart det så ho tok av kåpa.

Så no prøvar eg å legge vekk julestresset, når eg er ferdig på jobb i morgon skal det pyntast og då tenkjer eg at skuldrene senkar seg i takt med stigande glitter- og englefaktor.

søndag 15. desember 2019

3.søndag i advent


Tenn  lys ! Tre  lys  skal  flamme
 
 for  alle  som  må  slåss,
 
 for  rettferd  og  for  frihet,
 
 de  trenger  hjelp  fra  oss.
 
 Må  ingen  miste  motet
 
 før  alle  folk  er  ett,
 
 tenn  lys  for  dem  som  kjemper
 
 for  frihet  og  for  rett.

fredag 13. desember 2019

Svart senker natten seg!

Luciadagen.
I år blir eg nok ikkje Lucia, det er måte på å markere seg i ny jobb, også for meg! Det får greie seg med siste kursdag og skjørt og julegenser!
Men eg har bakt lussekattar til fredagskvelden, og eg har funne fram Lucia-toga mine.
Eg er no oppe i tre ulike tog...Og finn eg fleire, blir dei nok med heim!





torsdag 12. desember 2019

Snø på mi rute

Tirsdagskvelden var det snøvær, vind og aller bestå vere inne.


Eg bakte berlinerkransar, kokte lammerull og vaska!

onsdag 11. desember 2019

Må ha det, berre må ha det, til jul

Jul er mange tradisjonar, og eg er ganske glad i tradisjonar. Så når det lir til jul, veit eg godt kva eg skal lage.
Eg har laga, kokt og pressa, og ikkje minst smaka, på årets grisesylte!


Og idag har eg kokt lammerull, som ligg i press no. Kveldsmat i morgon... Det er berre å glede seg!

Idag har eg baka berlinerkransar, og dei ligg forsvarleg gøymt i ein av mamma sine gamle kakeboksar.

Og for kvar dag kjem jula nærmare, og listene mine blir lengre heller enn kortare. Satsar på sterk innsats i helgene, for denne veka er eg på kurs og lærer helgenomsekvensering, og då er igrunnen hodet mitt fyllt opp!