"Har du blogga noko artig om at du er sjuk, da, mamma?" spurte junior igår. "Nei", svara eg, "kor artig kan vel det bli?!"
Men det vart endå ein dag heime heime, og noko skal ein gjere, så her kjem ein rapport frå sofaen. (og sidan eg er nesten stemmelaus idag, så er det jo genialt å blogge)
Forkjølelse er kjedeleg, det er sår hals, tett nese, dottar i ørene, feber og vondt i kroppen.
Samtidig er det god tid til å lese avisene, drikke bøtter med te(lindrar sår hals) sjå utruleg mykje søppel på TV(dei sender mykje rart i reprise på dagtid, eg såg og sov med tv den første dagen, men så var det nok) god tid til å høre P2 og eg har lese bøker(måtte finne noko lett, det gjekk ikkje med traurig samlivsroman på engelsk)
Så er det å finne ut kva ein har i frysaren, slik at det blir middag utan handletur :) Det er ein god ting, eigentleg, å bruke det ein har, til vanleg er det for lettvint å stikke innom butikken. Det er tida for å la ungane lage tomatsuppe til middag, la dei sjå at oppvaskmakina ikkje blir tom av seg sjøl og at mor ikkje jobbar her alltid:)
Det er kamferdrops, og jakta på den mest effektive nesesprayen og det beste papirlommetørklet. Det er å nyte det vame pleddet, fryde seg over solsikkene som blomstrar i ein vase og vere glad for ei varm ulljakke. Været har spela på lag, årets første hauststormar har foregått utanfor vinduet, litt tidleg, men...
Og det er å berre la tida gå, sove når feberen jobbar, sukke litt og få medkjensle over at ein er sjuk!
fredag 7. september 2012
søndag 2. september 2012
Du veit du er gift med ein jeger når (3)
Det er eit luksusproblem, men heilt reelt. Idag vart det viltgryte, igår pizza med elg, sist helg elgsteik og i veka lapskaus. No har eg fått oppskrift på elgsodd som må prøvast og kanskje vi skulle hatt elgkarbonader ein dag?
Variert kosthald!!
lørdag 1. september 2012
Å følgje mønsteret...
...kan kreve si kvinne, og kan vere ganske kjedeleg! Men skal ein lære seg å sy, eller kan litt , men treng litt ny inspirasjon, kan eit mønster vere tingen.
I fjor byrja eg, lillesøster og nokre vaksne nieser å snakke om at vi skulle hatt ein sydag, der vi kunne hjelpe kvarande og lære av kvarandre. Eit år går så fort, men sist helg fann vi ut at vi måtte berre sette ein dag, og det vart i dag. Alle kunne ikkje, men vi var 4 damer, 4 symaskiner, og alle kom gjennom dagen med æra i behald og ingen maskiner vart kasta i veggen(skulle tatt seg ut, dei nye, fine gipsplateveggane mine) Ungane mine lova ut at dei ikkje ville halde seg unna, dei ville ikkje bli assosiert med symaksiner, søm og tanter, men dei kikka innom. Samtidig som vi sydde, fekk vi prata mykje og eg bløffa meg gjennomdagen som "eksperten" av oss. Eg er iallfall den som har hatt symaskin lengst, og symaskina har vore på service og har no både rettsøm og sikk-sakk igjen ,og er nysmurt og går som ei klokke!
| Mønster og strykejern er viktig |
| Klar til sømabeid :) |
| Friske farger og mønster gjer seg! Og stoffsaksa mi, stakkars den som brukar den på papir! |
| Konsentrert arbeid! |
| Veske, fornøgd med farge-og mønsterval på stoffet |
fredag 31. august 2012
Livet
Er det ikkje Odd Børresen som seier han vil skrive ei vise om livet? Som fan av Odd, syns eg han har greid det godt, "Noen ganger der det alright!" er ein fin sang.
Eg tenkte eg skulle skrive litt om livet idag, for "noen ganger er det alright" og andre gonger ikkje.
Måndag hadde eg fødselsdag, eg innrømme glatt at eg likar å lage selskap og feire! Fullt hus, store gryter, latter og alvor, prat og rot (og så likar eg når huset er tomt etterpå, det heng framleis i at huset vart rydda til selskap, kjøleskåpet er fullt av restar, det ligg twistpapir under sofaen og eg kan sette meg ned og sjå ut i lufta) Eg er så heldig å ha ein del av slekta i nærleiken og dei kjem når eg inviterer, så på søndag var det ekte søndagsmiddag med elgsteik og tyttebærsyltetøy. Så pratar vi, legg litt planer for nye treff, vi funderar på korleis det ville vere om vi bytta jobb for ein dag eller to(vi har m.a. kokk, lærar, sivilingeniørar, bioingeniør, sjukepleiar, byggingeinør og nokre studentar og skuleelevar) og vi bygger lego! Vi bygger meir på familiehistoria vår, og dei små blir kjent med dei store, og omvendt.Det var ein alright dag!
På måndag kom kvardagen utan festkjensle, då nokon vi kjenner kom i full fart med helikopter til sjukehuset i byen, brått var det ikkje ein alright dag! Det vart organisering og bekymring, men også samhald! "Korleis kan vi hjelpe til? Kva trengs?" Telefonen vart flittig brukt. Vi er så heldige at vi bur nært sjukehuset, og kan vere litt "pasientven". Etter litt om og men har pasienten fått god hjelp på sjukehuset, vi har senka skuldrene og det ser ut til å gå bra.
Idag er det fredag, det er sofa og god tid, pasienten er vel heime hos seg sjøl, mannen er på guttetur, eg er i sofaen med beina høgt før eg skal kjøre ungane på fredagssamling, og i morgon skal eg ha "sykurs" for nieser og søster! Jaja, dei stiller vel med velvilje og tålmod? Gler meg til jentedag! (Tenåringane mine meinte dei skulle finne på noko som innebar at dei ikkje skulle sy!)
Eg tenkte eg skulle skrive litt om livet idag, for "noen ganger er det alright" og andre gonger ikkje.
Måndag hadde eg fødselsdag, eg innrømme glatt at eg likar å lage selskap og feire! Fullt hus, store gryter, latter og alvor, prat og rot (og så likar eg når huset er tomt etterpå, det heng framleis i at huset vart rydda til selskap, kjøleskåpet er fullt av restar, det ligg twistpapir under sofaen og eg kan sette meg ned og sjå ut i lufta) Eg er så heldig å ha ein del av slekta i nærleiken og dei kjem når eg inviterer, så på søndag var det ekte søndagsmiddag med elgsteik og tyttebærsyltetøy. Så pratar vi, legg litt planer for nye treff, vi funderar på korleis det ville vere om vi bytta jobb for ein dag eller to(vi har m.a. kokk, lærar, sivilingeniørar, bioingeniør, sjukepleiar, byggingeinør og nokre studentar og skuleelevar) og vi bygger lego! Vi bygger meir på familiehistoria vår, og dei små blir kjent med dei store, og omvendt.Det var ein alright dag!
![]() |
| No er festen slutt, det er ikkje kake igjen... |
Idag er det fredag, det er sofa og god tid, pasienten er vel heime hos seg sjøl, mannen er på guttetur, eg er i sofaen med beina høgt før eg skal kjøre ungane på fredagssamling, og i morgon skal eg ha "sykurs" for nieser og søster! Jaja, dei stiller vel med velvilje og tålmod? Gler meg til jentedag! (Tenåringane mine meinte dei skulle finne på noko som innebar at dei ikkje skulle sy!)
mandag 20. august 2012
Pludreblogg
Altså ikkje å forveksle med pudderblogg, eller rosablogg som det og blir kalla. Eg har lurt litt på kva slag blogg eg har, for det finns jo så mange katergoriar, det er rosablogg, mammablogg, matblogg, interiørblogg, fotoblogg, bokblogg, og sikkert mykje meir som er høgtravande og klokt og kallast fagblogg eller meiningsblogg. Eg er ikkje heilt der... og eg kjenner meg ikkje igjen i nokon av desse merkelappane.
Eg er kanskje litt av kvart og litt av alt, og difor trur eg at eg seier eg har ein pludreblogg!
Eg er kanskje litt av kvart og litt av alt, og difor trur eg at eg seier eg har ein pludreblogg!
![]() |
| Hadde eg ein interiørblogg kunne eg spesialisert meg på blomservasar? |
![]() |
| Eg kunne hatt ein turblogg og skrive om mine barndoms fjell, her representert ved Ølsnøsa og Herjevatnet. |
![]() |
| Men skoblogg, det kunne eg hatt! Desse gjer kvardagen ein touch av glamour ;) |
![]() |
| Det er forfattaren sjølv som har vind i håret! |
![]() |
| Hådarbeidsblogg kunne eg kanskje hatt, det mangla ikkje på prosjekt iallfall... |
![]() | |||||||||
| Eller matblogg? Tenkjer eg fortsett å pludre :) |
søndag 19. august 2012
Ein sommar er over...
...trur eg. Vakna til regn og gråvær etter nokre dagar med sol og varme og ei kjensla av at sommaren ikkje har vore så ille lell. Gløymer nesten at det var 9 gr og regn, regn, regn i juli...gløymer nesten.
Slik såg det ut på terrassen for nokre kveldar sidan. Godt å sitte ute, kjenne varmen og lyset som går over i fløyelsskumring og til slutt mørke med levande lys. Var så heldig å ha besøk, og satt ute saman med god prat, til slutt under pledd og med tarrassevarmarvarme.
Idag tidleg sto hengekøya åleine i regnet, ikkje mykje konkurranse om å ligge der og lese og svette i sola!
Altså er det ein dag for innesyslar, oppdatering av blogg, sitting i sofa, lesing av bøker, høyre på radio og musikk ein ikkje har høyrt på lenge, stor tekopp, laurdagsavisene, scones til frukost, frukost på spisebordet med teakbestikket(som ikkje tåler oppvaskmaskina, men det er jo søndag) Og då gjer det ikkje så mykje om det regnar ute:)
Eg fann nokre skattar i ferien! Litt 70tals servise og gamletantes nattkjole!
Alle må då bli i godt humør av slike fat!? Ikkje mykje minimalisme :)men desto meir minner og nostalgi!
Her er det håndarbeid i lange baner og tålmod i kvart eit sting.
Det er ikkje sikkert gammeltante Karen Anna hadde sett for seg at nattkjolen hennar skulle ende på internett, internett fanns ikkje ein gong då ho levde, men eg syns slikt fint håndarbeid godt kan visast fram!
Slik såg det ut på terrassen for nokre kveldar sidan. Godt å sitte ute, kjenne varmen og lyset som går over i fløyelsskumring og til slutt mørke med levande lys. Var så heldig å ha besøk, og satt ute saman med god prat, til slutt under pledd og med tarrassevarmarvarme.
Idag tidleg sto hengekøya åleine i regnet, ikkje mykje konkurranse om å ligge der og lese og svette i sola!
Altså er det ein dag for innesyslar, oppdatering av blogg, sitting i sofa, lesing av bøker, høyre på radio og musikk ein ikkje har høyrt på lenge, stor tekopp, laurdagsavisene, scones til frukost, frukost på spisebordet med teakbestikket(som ikkje tåler oppvaskmaskina, men det er jo søndag) Og då gjer det ikkje så mykje om det regnar ute:)
Eg fann nokre skattar i ferien! Litt 70tals servise og gamletantes nattkjole!
Alle må då bli i godt humør av slike fat!? Ikkje mykje minimalisme :)men desto meir minner og nostalgi!
Her er det håndarbeid i lange baner og tålmod i kvart eit sting.
tirsdag 7. august 2012
Hva skjer'a, Bagheera??
I ferietider slår eg meg laus og brukar ein slag bokmål i overskrifta! Men på bloggen er det nynorsk som gjeld, som alltid!
Været har ikkje vore det aller beste, så vi måtte finne på noko nytt! Innkjøp av "slakk line" var tingen! Det er ikkje eg som har vore ivrigast, men eg kom meg opp og greidde stå og ta eit steg! Trur det er god trening og eg håpar eg skal få til å trene litt etter ferien (tenåringane løste koden ganske fort og hoppa og gjekk og snudde, så dei viser eg ikkje bilete av!)
Eg har fått lese nokre bøker;

- Sommerboka av Tove Nilsson, ei fin og sakte bok om ei lita jente og farmor hennar som er på ei hytte heile sommaren. Far til jenta er der og, men han jobbar og forstyrrer dei lite. Det er mange enkeltståande historier, veit ikke ein gong om dei foregår same sommaren. Dei pratar, filosoferar, kranglar så fillene fyk, fiskar, bader, bygger Venezia og skriv bok om småkryp. Eg fekk lyst å ha ein lang sommarferie på ei hytte...
- Borderline av Liza Marklund. Eg trengte noko avslappande og byrja på den ein kveld, det vart ein lang kveld og ei kort natt, for eg måtte lese den ut! Svensk krim skuffar sjelden!
| Blåne bak blåne |
| Her er ofte fin utsikt, men skodda åt den... |
Abonner på:
Innlegg (Atom)