tirsdag 2. mars 2021

Oppdatering

Sidan det er veldig lenge sidan sist innlegg, skal eg ikkje bruke tida på allverden som har skjedd sidan sist. Er du veldig nysgjerrig kan du heller kikke innom instagramkontoen.


Akkurat no brukar eg tida på å forstå at det allereie er mars. Og eg minner meg sjølv om at det er berre mars, og at vårstemninga ute heilt sikkert vil bli vinter ein tre-fire gonger til, så eg må ha tålmod med alt eg har lyst å gjere ute. Eg følgjer nøye med på løkane eg sette i haust, det har  så vidt kome spirar opp! I Romsdalen blomstra snøklokkene, så det blir vel her og, på sikt.

Visst skal våren komme, med blomster!

Inne passar eg på det eg har sådd, til no. Eg prøvar å halde igjen... Til no har eg sådd to ulike typer georginer, og valmuer, litt av nostalgi, for det hadde dei i nabohagen då eg var lita. Og etterkvart skal eg finne fram frø eg samla i fjor og så blomkarse, ringblomst og erteblomster. 

Eg føler eg ser lys i enden av tunellen, for første vaksinedose er sett, og sjølv om eg vart ganske slapp ein dag, så kom eg meg fort. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar