onsdag 4. januar 2017

Januargleder

Januar er igang. Kvardagen er her. Idag har vi ete asiatiske fiskekaker med agurk- og raudlauksalat til. På tide med noko lettare enn kjøt i alle variantar! (fiskekakene laga eg sjølv, og bortsett frå at dei vart altfor salte, var dei eit friskt innslag på middagsbordet!) Det er fint med kvardag. Eg var klar for grovbrød og gulrot, sjølv om eg syns det er litt langt mellom måltida...
Men det er litt tungt å komme igang igjen, etter lefser til frukostdessert og sjokolade og kaker som mellommåltid, mellom alle måltid faktisk! Eg kan fint leve med å snu døgnet....det er berre at eg ikkje likar å snu det tilbake. Klokka halv sju om morgonene er det mørkt, det er kaldt, og eg er trøytt! Eg treng å tenkje på noko positivt!!! (ikkje berre kl halv sju, forresten)
Men tross midtvinter, solnedgangen er fin!


  • vi hadde ei fin jul! Rett nok var vi delvis sjuke og fekk ikkje gjort alt vi hadde tenkt, men vi var saman, vi åt godt, spela spel, såg filmar, las bøker og åt sjokolade. Vi traff vener og feira nyttår.
  • eg har jobb å gå til, der eg får jobbe med interessante ting og der eg får tilrettelagte oppgåver. Det er fint for både hørsel og rygg, og dermed for humøret. Gode kollegarer har eg og!
  • det har kome snø! Akkurat no er det som eit julekort, forsinka som så mange julekort er. Igår var eg på årets/sesongens første skitur. Eg trur knapt eg gjekk på ski ifjor vinter, så gleda var stor i går. Og jada, eg gjekk sakte, men kort, nytte skogens ro, og likevel syns vel ryggen det vart litt mykje.
  • juletreet veks og veks. Det er grønt og frodig og har fått nye, lange skot. Koseleg å sjå på, det er jo lyst med eit tre på stova. Samtidig gler eg meg til å ta bort julepynten, det blir på ein vårleg og god plass når treet er ute! Det er jo ille å kaste ut eit tre i vekst, kanskje eg kan prøve å selge det? Pent brukt, billeg i drift, lettstelt? Interessert?
  • julesnop på salg! Say no more... ;) Prøvar å begrense meg, men litt må eg kjøpe.
    Mokkabønner er min favoritt!
  • Ein amaryllis som snart blomstrar!
    Og ny juleduk, brodert av mamma, julegåve. Jazzboka fekk mannen
    av den mest musikkinteresserte junioren.
  • planer i helgene i heile januar! Kaffebesøk, nyttårsbord, fødselsdagsfeiring, jubileum og fleire turar! Det er stadig noko å sjå fram mot! (og kanskje greit at det inntil vidare ser ut til at februar bli litt roleg?)
  • kakeboksar som tømmest! Det er fordelen med å bake lite...fortare tomt. Eg var veldig gnien på kakene før jul, elles hadde det vel vore tomt før! 
  • Det går mot lysare tider!! Hurra! Idag har det vore klarvær. Sol. Og iskaldt, men det er jo vinter, så det skal jo vere kaldt. 
Og eit oppstartsdikt i januar, det må vi ha. Eit forsiktig dikt, som kjem og tek deg i handa og seier at  "Det skal nok gå".


Dagens ord er vart
og varsamt
og går stilt i døra
der det kjem listande
med lyset
og kviskrar:
Det skal nok gå.
Me tek eit andegrag
i lag.

Helge Torvund

Ha ein fin kveld!
No skal eg gå ein tur, medan mannen prøver å synkronisere dei elektroniske kalenderane våre. Det blir nok bra, men eg stiller meg tvilande til at det er sunt for blodtrykket undervegs...
Skitur. Obligatorisk bilde av skituppar.




1 kommentar:

  1. Ski!

    Fantastisk! Vi er ikke helt der enda, men jeg håper!!!

    Ha en nydelig dag med synkronisert kalender og hvilepuls!

    SvarSlett