Kvifor har eg bloggevegring?
Ryggen har delvis streika. Den har tatt nattesøvnen og tidvis ete kraftig av humøret mitt, som ofte er ganske bra. Ute har det vore glatt, og eg har ikkje kunne gå tur heller... Eg er betre no, har fått smertestillande og eit par dagar i eige selskap.
Det er januar, dagane blir lengre og lysare. Eg har tulipanbukett etter tulipanbukett på bordet, det tek si tid å sjå på dei og då får ein ikkje blogga.
Vilter tulipanbukett |
Eg har lese bøker. Lette, flagrande og snarlesne bøker, og skikkelege bøker der ein må tygge litt på det ein les. Det blir ikkje tid igjen til bloggen då, når eg skal lese 4 timar i strekk.
Eg har laga mat. Vi har hatt heilstekt and og ete oss stappmette. Vi har hatt restar i and, servert med hoisin-saus, agurk og vårløk i pannekaker. Vi har hatt marokansk chiligryte med couscous. Eg kosar meg med å finne oppskrifter, lese og samanlikne, prøve noko nytt. Og vi har hatt fiskekaker på brødskiva, men enkel mat smakar godt i godt selskap!
Vi har feira 24årsjubileum med mannsoktetten som mannen er med i. Det var intimkonsert, god mat, mimring om gamle dagar og gapskratting. Helsebringande! Vi har feira 10årsdag for niese, rundt tal og jubileum!
Og eg har sitte i sofaen, ligge i sofaen, gått sakte rundt med vond rygg og syntes alvorleg synd på meg sjølv. Eg har fått trene med fysioterapeuten, jobba av meg litt sjølvmedlitenhet og kjent at eg kan gjere mykje, sjølv med litt smerter. (Å ha nokon som pushar "litt" er gull verdt! Og idag er eg stokk stiv i armane etter treninga i går. Verdast mest positive og ivrige fysioterapeut, sånn omtrent, pusha meg til ekstra innsats! Er du i Trondheim anbefalar eg Femme! Det er fysioterapi og trening, mest for gravide og nybakte mødre, men er ope for alle)
Ok, så har eg funne eit dikt eg skal dele med deg. Eg har det jo i bakhodet, sjølv om bloggvegringa er som ei lita sky i tanken min. Dette diktet av Trygve Skaug har eit snev av gjenkjenning i seg...
Nokon som kjenner seg igjen? Bytt ut kaffen med te, så har du meg...
Ha ein fin dag vidare!