tirsdag 7. juli 2015

Ferietider både i kropp og sinn

Det er ferietider. Det fører til at bloggen, og nettet generelt, seglar sin eigen sjø! Eg har ikkje opna    mac´n på over ei veke, eg har ikkje lese andre sine bloggar, eg har gløymt vekestart på eigen blogg. Eg har vore like i nærleiken av "Mannen"(Du kan halde deg orientert her) og hadde nok fått det med meg om den datt, men ikkje via nettet!
Kva har eg så gjort på? Kva er det som har teke tida mi så mykje at eg har gløymt bloggen(heldigvis)?

  • vi har vore på slektsstevne etter svigermor sin farmor og farfar. Dei hadde 8 barn, og det var ein stor flokk som var samla. Natulegvis kunne ikkje alle, ikkje kjenner eg alle som kom, men det er ei god sjanse til å treffe folk ein sjeldan ser! Eg møtte for eksempel tremenning til mannen, som eg studerte saman med for over 20 år sidan! Vi var på konfeksjonsmuseum og åt graut på garden der forfedrane hadde budd.(Å servere rømmegraut til 130 stk er ganske imponerande!) Det var tid til å prate og tid til underhaldning. Det er skrive slektsbok, og den treng eg god tid til å fordøye, for der er det mykje spennande å lese. Været var heilt topp og Romsdalsfjella viste seg frå si beste side!
    Frå kyrkja
    Frå museet

    Trur vi ser Bispen her
  • vi har vore saman med mannen sine søsken og deira barn. Kos og kaos! 4.juli-feiring, grilling, tur på setra, tur på Rampestreken (luftig!! Eg gjekk ikkje heilt fram på kanten, eg fekk nok utsikt lell) Mannen (min, ikkje fjellet)og junior gjekk vidare over Romsdalseggen, det er ei oppleving eg unner dei, og som ikkje passar min høgdeskrekk! Vassing i kaldt vatn. Mat inne og ute. Fullt hus og jubel det meste av tida.
  • Friskt i tangen!

    Hest på setra

    På tur til Rampestreken. Bratt nok!

  • eg har for første gong som sjåfør ligge på hjul etter ambulanse(det høyrest meir dramatisk ut enn det var, men i eit fergefylke er det greit å henge på, så ein blir med same ferge) Mamma vart sjuk, det var dramatisk nok, og ikkje så artig. Men med god hjelp er ho på betringens veg! I løpet av kort tid hadde vi innom 3 sjukepleiarar, 2 legar, 2 bioingeniører, 1 anestesisjukepleiar og 2 radiografar. Litt rart å sitte inne på isolat samen med henne og berre måtte vente. Eg fekk bruk for bioingeniørfaget og for tålmodet. Og gult er kult! 
    Den gule smittefrakken matchet skoa

    Tomatsuppe til den som ventar på lege, sjukepleiar etc...
  • eg har gått tur på stien heilt åleine, saman med mygg og fluer og høyrt saubjeller og fossedur. Ryggen trivst best utanfor veg og asfalt, så eg har leita etter kupert terreng!
    Solnedgang med Molde i det fjerne.
    Knallfarger i skogen!
  • eg har ete kaker og is og jordbær og sjokolade.
  • drukke litervis med pepsi max.
  • lese gode og mindre gode bøker. Eg får ta ei oppsummering etter ferien. 
  • klødd på myggstikk.
  • sett solnedgangen


    Solnedgang
Og som alltid, noko av det beste er å kome heim, når det er sommar og sol og varmt, sette seg på sin eigen terrasse, lese gamle aviser og berre vere! Men ferien er ikkje over, og bloggen skal ignorerast vidare framover!

6 kommentarer:

  1. Borte kan være fantastisk bra, men hjemme er absolutt best!!!
    Ser ut til å ha vært meget innholdsrik tur/ferie. Selv har jeg ikke vært på de kanter, bortsett fra at jeg har vært i Molde èn gang, på Fotballtinget, av alle ting ;)
    Isolat er et kjipt sted å være, og absolutt best med selskap der. Snakker av erfaring her. Så ensomt, selv om man er syk... Bra det går bedre med mor.
    Ønsker deg fortsatt god sommer, kald eller varm, bløt eller solfyllt ;)
    Siri

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! Vi fikk ein del som sist veke, men drøymer om meir! Mamma er heime igjen og det ser ut til å gå bra!
      God sommar til deg og dine!

      Slett
  2. Kos deg masse med ferie og sommertid:) Lite blogging her om dagen også, men kommer vel tilbake med høsten:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Dagene går fort uten blogging, men snart kommer ett nytt innlegg. Har det i hodet ☺

      Slett
  3. Kjekt å lese! Tenkte på deg her ein dag, mens eg rusla på eit slott i Cardiff. Snodig, men plutseleg sakna eg kjærlighet og bamsemums. Kjekt å sjå deg på føtene. Godt mor di er betre!!

    SvarSlett
    Svar
    1. Så kjekt å vere sakna! Og snart kjem eit nytt innlegg ☺men no har eg det travelt med ingenting!

      Slett